Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi kan og skal ha vår eigen jernbanepolitikk

Samstundes treng vi europeisk samarbeid på sporet.

Eigenkontroll: Nasjonal kontroll og europeisk koordinering er ikkje motpolar. Foto: Foto: Per-Inge Johnsen / NTB scanpix

Det er framleis tydeleg at EU-motstandarane ikkje likar å bli minna på at EU- og EØS-samarbeidet kan ha sine positive sider. Etter at eg trakk fram nokre gode aspekt ved EUs fjerde jernbanepakke, har Reidun Berntsen Heggen i sitt motinnlegg 14. september funne fram dei gamle, innarbeida slagorda om det farlege dyret ERA (EUs jernbanebyrå) og at det skal stå så dårleg til med jernbanetilbodet der persontrafikken er konkurranseutsett.

La meg ta ERA og arbeidet med sikkerheita først: Byrået driv ikkje med utvikling av jernbanepolitikk, det gjer dei einskilde statane framleis sjølv. Byrået er eit fagorgan for jernbanetekniske og sikkerheitsrelaterte spørsmål. I alt for lang tid dreiv kvar enkelt stat med utvikling av sine eigne system for straumforsyning, signal osv. Resultatet kan vi framleis sjå: Det er altfor vanskeleg å køyre til døme eit godstog over lengre strekningar i Europa fordi ein må skifte lokomotiv, førarane må følgje ulike trafikkreglar og lokomotiva må ha bygd inn fleire ulike togkontrollsystem.

Annonse

I tillegg tar det masse tid, pengar og byråkrati å få godkjent togmateriell opp mot alle desse ulike systema. Dette er det første problemet jernbanepakka vil løyse, fordi det vil vere ein som koordinerer godkjenning. Samtidig har alle europeiske land behov for å halde på ein del nasjonale reglar og krav, slik som Noreg. Vi treng å halde på våre eigne krav retta mot krevjande vinterhøve, særlege høve for straumforsyninga og andre eigenskapar ved jernbanenettet vårt. Men vi treng ikkje meir enn 13.000 krav. Det er bra at man har blitt einige om å fjerne meir enn 13.000 tekniske krav i Europa, for det betyr at dei krava som faktisk betyr noko blir ståande, medan dei krava som kan vere felles for alle kan tre inn for alle dei gamle nasjonale krava.

Mange har vore uroa for krava til sikkerheit ved EUs jernbanepakke. Då den først vart lagd fram i 2013 var det ikkje tydeleg kva krav som skulle komme til verksemdene. Men i åra etter har man jobba fram eit omfattande sett med felles krav til sikkerheitsstyringa som er heilt i tråd med dei prinsippa som vårt eige tilsyn brukar. Og desse krava gjeld allereie for EU-landa, utarbeida av mellom anna Statens jernbanetilsyn i samarbeid med dei andre nasjonale tilsyna. Dette gjev eit meir komplett kravsett for alle verksemdene som driv med jernbane i Europa, ikkje berre i Noreg.

Det vil vere Statens jernbanetilsyn som skal føre tilsyn med at alle verksemdene som driv på norske skinner held seg til desse krava. Difor har eg store vanskar med å sjå dei reelle årsakene til den uroa som Heggen viser til i sine innlegg. Motstandarane må komme opp med noko betre enn dei gamle slagorda når dei viser seg å vere utdaterte.

Til slutt nokre ord om konkurranse. Jo, vi ser at det verker positivt å gjennomføre konkurransar om å drive persontogtilbodet. Vi har sett i dei to første pakkene at seriøse togselskap, fleire av dei statseigd, ønskjer å utvikle togtilbodet til det betre på same tid som dei krev lågare vederlag av staten. Når vi i tillegg ser at dei tillitsvalde uttalar seg positivt om dei nye aktøranes inntog, kan eg ikkje forstå kvifor så mange ønskjer å tvihalde på den gamle måten å tildele avtalar om togkøyring på. Nei, det er nok på høg tid å tenkje nytt, heilskapleg og samla om måten vi driv jernbanen på i Noreg og Europa.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Verdien av et kryssingsspor