Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi har eit godt verktøy for å redusera dei største overføringane til bøndene

No må sentralstyret i Småbrukarlaget følgja opp landsmøtevedtaket å be Landbruksdirektoratet greia ut nedtrappingsmodellen.

Nedtappingsmodellen skal trappe ned tilskota til store bruk, uavhengig om dei er på Jæren eller i Finnmark, skriv Øystein Pugerud. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Nedtappingsmodellen skal trappe ned tilskota til store bruk, uavhengig om dei er på Jæren eller i Finnmark, skriv Øystein Pugerud. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I Nationen 10/3 reagerer leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag på dei store utbetalingane av produksjonstilskota.

Les saka her:

På landsmøtet både i 2018 og i 2019 til NBS vart nedtrappingsmodellen vedtatt teke inn i politisk plattform. Tanken bak modellen er å ha eit verktøy for å få ned dei største overføringane etter at dei fleste tak på tilskota er fjerna. Modellen går berre på kronebeløp per bruk og ikkje på produksjonar.

Kort forklart om prinsippet for nedtrappingsmodellen er at det er først eit høgt kronebeløp av produksjonstilskotet som ikkje vert avkorta, men vidare oppover vert det trinn der ein avkortar med stigande prosenttrekk. Det er mange klare signal frå medlemer i NBS og andre om å få redusert dei store utbetalingane. Det er og signal frå fleire politiske parti om å redusera noko på overføringane til dei største bruka. Å innføra eit fast tak på tilskot per bruk meiner eg er feil. Og å få tilbake tak på kvar enkelt tilskot, er ein lang kamp.

Og korleis det vil slå ut på dei forskjellige produksjonar, og på økonomisk på kvart bruk kan vera vanskeleg å vurdera. Dei store bruka treng også støtte, men dei har stordriftsfordelar, og det vert ikkje teke omsyn til i dagens tilskotsordningar. Derfor er nedtrappingsmodellen eit godt verktøy for å redusera dei største overføringane.

Moment for å innføre nedtrappingsmodellen:

* Med eit fast tak på tilskot er det fare for at ein får oppdelingar av drifta på fleire føretak.

* Med for mange tak på tilskot på enkelte produksjonar vil ein få produsentar som tilpassar produksjonen sin til tilskotsordningane.

* Det er garden sine ressursar, marknaden og bonden sin kunnskap som skal avgjera kva ein bør produsera.

Annonse

* Det er satsar / soner og andre tilskot som skal få opp lønsemda på bruka i alle delar av landet.

* Store bruk har stordriftsfordelar. Det tar ikkje dagens tilskotsordningar omsyn til.

* Ein trenger vanlegvis ikkje større maskinpark om ein har to-tre årsverk enn eitt årsverk.

* Nedtappingsmodellen skal trappe ned tilskota til store bruk, uavhengig om dei er på Jæren eller i Finnmark.

* Det er ikkje noko motsetning mellom pyramidetilskotet, som går på produksjon, og nedtappingsmodellen, som går på samla kronebeløp per bruk.

* Nedtrappingsmodellen skal brukast på produksjonstilskotet som vert utbetalt direkte til produsent (ca. 10,2 milliardar, sum for 2019).

* Lett å innføra med dagens system som har berre ei utbetaling i året av produksjonstilskota.

* Budsjettmidlane som vert tatt ned med nedtrappingsmodellen, kan brukast på soner/satsar/ pyramidetilskot og på små og mellomstore bruk for å løfte økonomien til dei.

* Ubrukte budsjettmidlar kan overførast til neste års jordbruksforhandlingar.

Første runde er å få innført eit prinsipp og vedtak om å få ned noko av dei største overføringane. Så er det ei forhandlingssak kvar starttrinn og trinn oppover skal vera. For samdrifter må ein ha eigne trinn.

No må sentralstyret i NBS følgja opp landsmøtevedtaket å be Landbruksdirektoratet greia ut nedtrappingsmodellen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er det nødvendig å være så sint?