Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vern matjorda

Matjorda saman med reint vatn, lys og varme er grunnlaget for at det kan leva folk på jorda. Tek ein bort, øydelegg matjorda, fell livsgrunnlaget bort.

Stortinget må vedta ein lov som i klartekst seier at matjorda berre skal brukast til matproduksjon, skriv Tarald Oma. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Stortinget må vedta ein lov som i klartekst seier at matjorda berre skal brukast til matproduksjon, skriv Tarald Oma. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Verdas folk aukar og treng mat kvar dag. Samstundes vert store jordbruksareal uproduktive på grunn av for lite vatn. Sjå berre på utviklinga av prærien i USA. Slik utvikling finn ein også andre stader. Det er den viktigaste menneskeretten: at alle skal få den maten dei treng.

I Norge er berre tre prosent av landarealet matjord. Matjorda er ein evigvarande ressurs, dersom den vert rett brukt. Her på garden har det vore produsert mat på den eldste matjorda i 5000 år. Det er den beste jorda me har, den er årssikker og gir alltid god avling. Denne jorda kan produsera mat i mange tusen år til dersom den ikkje vert øydelagd. Skal ein dyrka ny jord så kostar det ein stad mellom 20.000 og 100.000 kroner pr. mål, og så går det ca. 20 år før den nye jorda er i full produksjon.

Annonse

På denne bakgrunn er det vanskeleg å forstå at det er lagd fram ein regionplan for Jæren der det skal byggjast ned og øydeleggjast 23.000 mål matjord fram til 2050. Det er også slik her på Jæren at det finns utbyggingsareal på fjellgrunn med berre ein halv til ein times reiseveg.

I Time kommune har dei tidlegare vore framsynte ved å etablera eit nytt bustadområde på Lye. Der er de nå ca. 3000 innbyggarar. I dette område er det store areal for utbygging. Slike område finns både i Hå og Sandnes. Det er berre spørsmål om langsiktig tenking og politisk mot.

Å ta vare på matjorda slik at komande slekter har livsgrunnlag, ser ut til å vera ei oppgåve lokalpolitikarane ikkje forstår alvoret i, og ikkje klarar å løysa.

Den einaste løysinga eg ser er at Stortinget må vedta ein lov som i klartekst seier at matjorda berre skal brukast til matproduksjon. Då vert det livsgrunnlag for komande slekter.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Samvirket tar samfunnsansvar