Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vern matjorda – bygg ut landet

Det treng ikkje vera så vanskeleg å utvikla eit framtidsretta samfunn med både matproduksjon og nok areal til anna verksemd.

Tresking av korn. Foto: Mariann Tvete
Tresking av korn. Foto: Mariann Tvete

I Time kommunestyret gjekk fleirtalet: H, Ap, Frp og KrF inn for å utreda om det skal byggjast ned 6000 dekar jordbruksareal som skal brukast til å byggja ut eit datalagringsanlegg. Norge er eit av landa i verda med minst dyrka jord, snautt 2 dekar per innbyggar. Jæren har cirka 300.000 innbyggarar, og ein kan reisa frå den eine enden til den andre på ein god halvtime.

Dei som vil verna matjorda for matproduksjon vert ofte kallar for bakstrevarar som vil stoppa utviklinga i samfunnet. Men slik er det ikkje. Dei som vil verna matjorda viser til at det kan byggjast boligar og at det er nok tomter til næringslivsutvikling på dei 97 % av arealet som ikkje er brukande til matproduksjon.

Annonse

Det er areal nok i dette landet, det er spørsmål om kva ein vektlegg, og om det er vilje til å styra utviklinga. Er det demokratisk valde organ som skal styra, eller vert det gitt fritt spelerom til kapitalkreftene, som i mange høver ikkje er norske. Viser til det som har skjedd her i landet med utbygging av vindkraft. Slepp ein desse kapitalkreftene fri, trur eg at store deler av matjorda i Norge vert nedbygd, med dei alvorlege konsekvensane det vil føra til med sjølvforsyning av mat her i landet.

Heldigvis er det politikarar som forstår at matjorda må vernast. Bjerkreim kommune har nettopp funne eit areal på 9000 dekar med uproduktiv jord til næringslivsareal, som ligg ein times køyring frå Stavanger og ein halv time frå Bryne. Elles vil eg nemna Tysvær som har skote flatt eit stort fjellområde rett ved E 39.

Det er eksempel på korleis det kan gjerast i mange kommunar i Norge. Ein vernar matjorda, og har samtidig nok areal til næringslivet for å utvikla seg. Det treng ikkje vera så vanskeleg å utvikla eit framtidsretta samfunn med både matproduksjon og nok areal til anna verksemd. Det er spørsmål om haldningar og ha mot til å styra.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Stille som i graven fra landbrukstoppene