Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vern av dyrka jord

Det må takast sterkare omsyn til den dyrkbare jorda.

Jordvern: For ordens skuld - biletet er ikkje frå Sogn og Fjordane, men frå Vestby. Foto: Siri Juell Rasmussen
Jordvern: For ordens skuld - biletet er ikkje frå Sogn og Fjordane, men frå Vestby. Foto: Siri Juell Rasmussen

Stryn Bonde- og Småbrukarlag vil gjerne kome med ei oppmoding til styresmaktene om at det vert teke langt sterkare omsyn til den dyrka jorda i samband med ymse utbyggingar.

Auka folketal i verda kombinert med klimaendringar vil gjere at også dei relativt små, men grøderike jordflekkane i våre bygder vil få større og større verd for komande slekter.

Annonse

Særleg er vi uroa for dei store inngrepa i dyrka og dyrkbar jord som føregår ved nye veganlegg. I slike høve må både politikarane og planleggarane få sterkare fokus på å styre unna matproduserande areal, og i dei tilfella der det er naudsynt med inngrep må det vere eit sjølvsagt krav at jorda vert teken vare på og ev. transportert til nye aktuelle område og tillagast til full produksjon. Kostnaden med slike tiltak må vere ein sjølvsagd del av økonomien i prosjekta.

I våre bygder med tronge dalar og små striper med dyrka og dyrkbar jord langs fjordane, bør det etter vårt syn vurderast meir bruk av tunnelar for vegane og fjellhallar for parkering og industri- og forretningsbygg.

Økonomien i slike prosjekt må vurderast i eit langt perspektiv der verdsetjinga av matproduksjon i framtida ganske sikkert vert langt høgare enn i dag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er nordmenn klare for genredigert laks, hvete eller poteter?