Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fekk betre pris for øyremerket enn sauen

Plastmerket sauen har i øyra, kan få betre pris enn både kjøt og ull. Det syner kor meiningslaust alt er blitt.

Dei siste par åra har det vore mange historier om prising på sauekjøtt. Den siste kom då vi kunne lese om Prikken sitt liv og endelikt. Med ein produksjon på sju lam gjennom åtte år, så kan vi trygt frikjenne Prikken for ansvar for overproduksjonen av lammekjøtt, men eg tvilar ikkje på at Prikken var svært verdfull for eigaren.

No er det nok slik at dei fleste saueprodusentar har opplevd å få nesten ingen ting for saueslakta sine. Eg fekk litt over 6 kroner for sauen på nesten 40 kg., og så fekk eg 1 kr. og 50 øre for ulla (1,5 kg.). Det positive var at eg fekk 12 kr. for plastmerket sauen hadde i øyra! Dette syner kor meiningslaust det er blitt.

Annonse

Det er mange som etterlyser sauekjøtt i kjøledisken, men samstundes blir det opplyst at 1000 tonn sauekjøtt skal malast opp til pelsdyrfor, så det kan nok bli vanskeleg å få så stort salg i matbutikken.

Dei fleste vil neppe ha «pelsdyrfor» på middagsbordet. Kva prisen er blitt på kjøttet når det blir servert pelsdyra, er det sikkert best å ikkje vite.Og for å gjere komedien fullstendig, er det no bestemt at pelsdyrnæringa skal leggast ned.

Dette er galskap sett i system! Ansvaret ligg hos politiske myndigheiter, faglag og interesseorganisjonar som på ulike måtar har svikta grovt.

Nortura sine mange feilsteg får i desse dagar stor og velfortent merksemd. Det er vel eit ord so sei omlag slik: « Som man reder ligger en».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Svart løgn, Siri Martinsen