Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verdas strengaste regelverk?

Det er lite hjelp i skogbruksreglar så lenge dei brytast.

Tvilsamt: Skogbruket si miljøsertifisering har hol, skriv innsendaren. Foto: Siri Juell Rasmussen
Tvilsamt: Skogbruket si miljøsertifisering har hol, skriv innsendaren. Foto: Siri Juell Rasmussen

Organisasjonssjef i Viken skog SA, Olav Bjella, hevdar i Nationen 16.6 at Norge sannsynlegvis har verdas strengaste regelverk for hogst. Det er ein påstand som ofte blir gjentatt av skognæringa.

Naturvernforbundet i Buskerud (NiB) har gjennom åra sendt mange klager på hogstar. Me opplever at kravpunkta i det dominerande regelverket PEFC N 02 ofte blir brote.

Det er særleg kravpunkta som gjeld kantsoner, livsløptre, tiur og rovfugl som blir følgd dårlig opp. Kravpunkt 10 har krav om at friluftsliv og biologisk mangfald skal takast omsyn til ved vurdering av hogstform. Det ser ut til å vera eit lite brukt kravpunkt. Sjølv i bynære strok er det økonomi aleine som styrer, og valet er flatehogst, flatehogst og atter flatehogst med følgjande tap av biologisk mangfald og store klimautslepp fra hogstflata.

Når Naturvernforbundet klagar på manglande oppfølgjing av regelverket, har sertifikathaldar (Viken Skog, Nortømmer, etc.) ofte fantasifulle forklaringar på kvifor dei ikkje har følgd opp kravpunkta. Dei er som reven, har mange utgangar, og bruker den som passar best.

Annonse

Dersom me klagar vidare til sertifiseringsselskapa (Intertec, DNVGL), får me ikkje innsyn i deira vurdering. Dei seier at det er sertifikathaldar som eig den informasjonen. Viken Skog har nekta oss innsyn i vurderingane av klagene våre, og me har sendt sakene vidare til Klagenemda for miljøinformasjon. Viken skog har tidlegare fått fleire vedtak mot seg i nemda for å halde på informasjon som dei pliktar å gi frå seg.

Bjella peikar på at skognæringa har sett av nærare 80 000 nøkkelbiotopar i Norge. Det er eit imponerande tal, men nøkkelbiotopane er små og fragmenterte. Dei ivaretar ikkje den funksjonen dei skulle ha, - å ta vare på det biologiske mangfaldet i skog.

Skogbrukslova har ei strafferamme på inntil 1 år i fengsel for hogst av nøkkelbiotopar. I praksis får ulovleg hogst ingen konsekvens.

Naturvernforbundet i Buskerud brukte naturbasen Kilden og satelitt/ flyfoto og fann på nokre få timar at 20 nøkkelbiotopar i Buskerud var heilt eller delvis hogd. Det har tatt over to år å få svar på kva som har skjedd med desse nøkkelbiotopane. “Ny arrondering, flytting, og frigjeving”, er svara, men me får ikkje innsyn i vurderingane som er gjort av sertifikathaldar. Endringane er heller ikkje meld til naturbasen Kilden, som er eit krav.

Det hjelper lite å slå seg på brøstet og skryte av “verdas strengaste regelverk” når det ikkje blir følgd opp i praksis.

Neste artikkel

Hvem forstår alvoret?