Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verda treng vestlandsbonden

FN sitt klimapanel ber oss ikkje om å slutte.

Trengst: På Vestlandet er gras til dyr ofte einaste måte å produsera mat på. Foto: Bjarne B. Aase

Senterpartiet vil utvikle matproduksjonen i nye Vestland fylke vidare. Produksjon av frukt, grønsaker, mjølk og kjøt skapar tusenvis arbeidsplassar og stor verdiskaping. I framtida må vi produsere meir mat på våre ressursar. Mykje av verdas landbruksareal er venta å gå ut av produksjon som følgje av klimaendringar og nedbygging av matjord. Samstundes veks folketalet i verda med rekordfart.

Eg meiner at den nasjonale debatten om mat og klima til tider er veldig einspora og lite nyansert. Mange tek no til orde for å redusere forbruket av kjøt for å redusere klimagassutsleppa. Eg meiner at det ikkje er det same om kjøtet er produsert her på Vestlandet, eller om det vert produsert av dyr som beitar på områder som tidlegare var regnskog, til dømes i Brasil.

FN sitt klimapanel skriv at berekraftig bruk av landareala er avgjerande for å redusere den globale oppvarminga. Større folketal i verda, og større forbruk av mat, for til dyra, tømmer, og bruk av jordbruksareal til produksjon av biodrivstoff fører til avskoging, større utslepp, og global oppvarming.

Men FN sitt klimapanel seier og at det er store regionale variasjonar i korleis matproduksjon påverkar klimaet i positiv eller negativ retning.

Eg meiner at svaret på korleis vi skal redusere den globale oppvarminga ikkje er å slutte å produsere kjøt og mjølk på Vestlandet. Snarare tvert i mot, måten jordbruket vert drive på Vestlandet har mange positive klimaeffektar. Småskala landbruk der ein tek vare på jordsmonnet er positivt for klimaet og bidreg til karbonbinding. På den andre sida er industrilandbruk, avskoging av regnskog og degradering av landbruksjord dei største trugsmåla mot ein berekraftig matproduksjon globalt.

Annonse

Ulike områder i Norge, og verda elles, har forskjellige føresetnader for kva bonden kan produsere. Her på Vestlandet så passar det best å produsere gras, som igjen vert mat til sauer og kyr.

Alternativet til dei grasbaserte produksjonane er å slutte å produsere på mat på mykje av våre areal og ressursar. Det meiner eg er eit blindspor, som verken tener klimaet, eller ei veksande befolkning i verda som treng mat. Kjøt som er produsert av vestlandsbonden kan etast med godt samvit.

Nokre stadar på Vestlandet har gode føresetnader for å produsere frukt og grønt. Potensialet for meir produksjon er der, men då må det leggast til rette med gode rammevilkår politisk.

Skal vi møte framtida på ein berekraftig måte slik som FN sit klimapanel seier, så må vi stanse degraderinga av landbruksjord, og stanse avskoginga av regnskog globalt. Kort sagt så må vi bruke dei areala som allereie vert nytta til matproduksjon no, enno betre i framtida til å produsere mat til ei veksande befolkning. Det gjeld sjølvsagt også dei areala som vi har her på Vestlandet.

Så er det alt for mykje mat som vert kasta, her har vi alle saman eit ansvar for å redusere matkasting. Det krev ein utruleg innsats, i heile kjeda frå jord til bord, å lage maten. Maten skal i magen, ikkje i søpla!

Senterpartiet meiner at det viktigaste ein nasjon skal gjere er å skaffe mat til eiga befolkning. Ikkje minst fordi matforsyning er ein veldig viktig del av tryggleiken vår. Då må vi ha ein landbrukspolitikk som tek heile landet i bruk, med ei god arbeidsdeling mellom dei ulike landsdelane der vi nyttar dei naturgjevne føresetnadane rundt om i landet best mogeleg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Norsk natur blir offer for blå-blå politikk