Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ver snill og saklig i debattane!

Ver sakleg, diskuter sak og ikkje driv hets av enkeltpersonar.

Sosiale medium: Diskuter sak og ikkje driv hets av enkeltpersoner, oppmodar innsendaren. Foto: Jan Haas / NTB scanpix
Sosiale medium: Diskuter sak og ikkje driv hets av enkeltpersoner, oppmodar innsendaren. Foto: Jan Haas / NTB scanpix

Vi har no gått ut av året 2019 og er på veg inn i eit nytt år, 2020. Året som har gått har vore eit vanskelig år for mange norske husdyrprodusenter. Det kom ein såkalla dokumentar, som diverre dokumenterte alvorlege brot på regelverket innanfor norsk husdyrhald og svineproduksjon, med påstandar om systematisk dyremishandling som eit hovudargument.

Det kom også eit næringsforbod om pelsdyrhald, ein EAT-Lance-rapport, og rovdyrdebatten går sin gang.

Norske bønder er ute etter å utslette faunaen vår, dyremishandlere, miljøsvin, og attpåtil grunnen til heile klimautfordringa vi står i. Kommentarar har hagla i ulike sosiale medier om at vi ikkje passar husdyra våra, at vi mishandler dei og kun er ute etter rovdyrerstatning og tilskotssnyltarar.

Diverre er også kommentarfelta fylte med påstandar om kaffelattedrikkere frå asfaltnoreg, propaganda og eit ønske om å berike seg sjølv. Påstandar om at «eg håper ulven kjem og eter deg og familien din opp» er hårreisande.

Annonse

No skal ikkje eg debattere rundt dei ulike debattane. At norske husdyrprodusentar ikkje overheld regelverket er alvorleg, dette øydelegg for alle andre som kvar dag jobber for å oppretthalde eit husdyrbruk dei kan vere stolte av.

Vi kan alltid bli betre på dyrevelferd, og vi skal høyre på bidrag om korleis det kan bli betre, men det er ikkje alle bidrag som vil gje ein forbetra dyrevelferd, enkelte bidrag er heller tvert i mot.

Ulike grupper har til hensikt å skade norsk landbruk generelt og husdyrbruk spesielt. Debatten er særleg polariserande ovanfor veganarar. Difor ber eg innstendig alle debattantar om å halde seg saklig i debatten. Du trenger ikkje publisere der fyrste som fell i hovudet ditt, sjå over om dette er noko som kan og bør publiserast før DU trykkjer publiser.

Eg skal ikkje blande meg opp i kva folk eter til mat, du må for min del ete det du ynskjer, og eg vil heller ikkje at du kjem med peikefingeren og vil forby meg kva eg skal ete. Og til norske husdyrhaldarar vil eg seie: når du hetsar ein veganer, er du med å skade norsk landbruk.

Det viktigaste er trass alt at forbrukaren i størst mogleg grad vel norskproduserte råvarer. Anten det er poteter, fårekjøt eller mjølk. For hugs det, Noreg har eit av dei strengaste regelverka i verda når det gjelder, forskrifter om husdyrhald, bruk av kjemiske midler, forureining.

Så ver så snill, ver sakleg, diskuter sak og ikkje driv hets av enkeltpersonar, dette skader berre saka di! Og eg vil oppfordre alle forbrukarar om å velje norske råvarer.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kjære leser: Tusen takk!