Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Venstre får gjennomslag

Venstre har problem med å få fortalt om sine sigrar i regjering. Det må dei gjere noko med.

Noko å hente? Sveinung Rotevatn bør selja inn dyrke- og pelsforboda til Venstre. Foto: Svein Egil Hatlevik

Det er serleg to saker Venstre kan ta «æra» for nesten åleine.

Dei får lagt ned pelsdyrhaldet og får altså vedteke å forby ei distriktnæring som ved bruk av slakteavfall frå husdyr og fisk produserer og eksporterer for fleire hundre millioner. Samstundes skal det være tillate å importere pels!

Annonse

Den andre viktige saka for Venstre er at det skal væra forbode å dyrke myr til matproduksjon. Desse to «sigrane» må Venstre få fortald i Distrikts-Norge.

Eg trur dei må sende statssekretæren Sveinung Rotevatn på turne. Han kan starte i Rogaland og vitje alle fylka nordover. Han bør snakke om desse to store sakene som Venstre har fått gjennomslag for. Då vil det nok vise att på meiningsmålingane for partiet.

Neste artikkel

Saknar klimasporet i jordbruksavtalen