Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Venstre – ein miljøulv?

Såkalla liberale parti går for plastikklede og utanlandsk pels.

Blei trumfa: Partia som lova veljarane å halda fram med pels, har fleirtal på Stortinget. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

13. juni gjorde stortinget for fyrste gong eit vedtak om næringsforbod, og det med ei næring stortingsfleirtalet vil behalde. Aldri har pelsdyrbøndene fått så mange lovord som denne dagen. Stortingsrepresentantane kappast om å rose dei, for det gode arbeidet dei har utført gjennom 110 år. Deretter gjekk dei til taburettane sine og la ned heile næringa, så diverre var det berre eit siste Judaskyss representantane serverte.

Med sitt krav om nedlegging av pelsdyrnæringa forlèt Venstre vanleg demokratisk sedvane om å respektere stortingsfleirtalet, og gav blaffen i stortingsvedtaket frå januar 2017 om å behalde pelsdyrnæringa. Dette udemokratiske kravet frå Venstre gjorde dei såkalla næringsliberale partia, Høgre og Framstegspartiet knefall for, i regjeringsforhandlingane.

Pelsdyrbøndene produserer skinn til framstilling av reine, miljøvennlege og fornybare produkt, med lang levetid og høg gjenbruksverdi. Venstre og regjeringa styrer med vitande vilje forbrukarane mot meir bruk av kunstige pelsprodukt framstilt av petroleumsbasert plast. Plast og plastprodukt er ein ikkje fornybar ressurs, og plastavfall representerer i dag eit av dei aller største miljøproblema på kloden. Venstre framstiller seg som eit grønt parti, men avslører seg her som ein miljøulv i plastfåreklede.

Annonse

Auka dyrevelferd kan heller ikkje vere Venstre sitt hovudmål, sidan pels framleis er ei lovleg vare, der produksjonen no vert utflagga til land med langt ringare dyrevelferd enn det som rår i norske pelsdyrfarmar.

At Venstre vann fram med sitt pelsdyrultimatum kan etter mitt syn oppmuntre til meir bruk av udemokratiske politiske verkemidlar, medføre auka bruk av miljøskadelege plastprodukt, gje dårlegare dyrevelferd, og føre til tap av norske distriktsarbeidsplassar og auka fråflytting i utkant-Noreg. Sett i dette perspektivet vert Venstre sin siger i pelsdyrsaka særdeles stusseleg, og set også regjeringspartnarane, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti si støtte i eit underleg lys.

Sjølvsagt er god dyrevelferd særs viktig, og den vil slik eg ser det, verte best teken vare på gjennom eit langsiktig, tett og tillitsfullt samarbeid mellom landbruksstyresmakter og aktuelle bransjeaktørar. Det lovar ikkje godt for norsk landbruk, om politikarane i framtida skal drive landbrukspolitikk etter innfallsmetoden, og til stadigheit springe halsande etter fanatiske aksjonistar, eller la seg styre av unyanserte medieoppslag. Det vert definitivt heller ikkje betre dyrevelferd ved å slå handa av heile næringar, og kollektivt ta livsverket frå alle, fordi nokre få aktørar er useriøse.

Det kan vere noko å tenkje på både for Venstre-leiar Trine Skei Grande og samarbeidspartnarane Erna Solberg, Siv Jensen og Olaug Bollestad når dei til vinteren, etter valet, skal varme seg i plastpelskåpene sine. For det er vel heilt utenkeleg at dei som legg ned pelsdyrnæringa brukar ekte pelskåper?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ikke glem eldregenerasjonen ved valget