Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vennesla kan tape 20 millionar kroner

Kommunar som ofrar naturressursar til beste for storsamfunnet, må få sin rettmessige del igjen.

Nomelandsdammen ved Nomeland i Vennesla. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Nomelandsdammen ved Nomeland i Vennesla. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Kva om EU gjennom EØS-avtalen skulle komme med krav om at skatteinntektene frå norske oljefelt skulle slusast inn til EU?

Noreg skulle rett nok få tilbakeført ein del etter ein ikkje definert fordelingsnøkkel. – Utenkeleg og urettferdig, vil vel alle meine. Men det er liknande forslag det regjeringsoppnemnde Sanderud-utvalet har lagt fram.

Vennesla senterparti ber Stortinget vrake innstillinga frå utvalet. Det må finnast andre stimuleringstiltak for å effektivisere kraftverka og det utan å ta vekk inntektene til vertskommunane, som har ofra naturresursar.

Oppdraget til Sanderud-utvalet var å vurdere om gjeldande skattesystem hindrar eller gjer det lite lønnsamt å oppgraderte og effektivisere kraftverka, altså auke produksjonen av grønn energi.

Annonse

Utvalet gjer framlegg om reduksjon av eigedomsskatten og å avvikle ordninga med konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. I staden skal kraftselskapa betale grunnrenteskatt som staten seinare kan omfordele mellom kommunane.

Går dette igjennom i Stortinget, vil vertskommunane tape over 3,6 milliardar kroner i direkte inntekter kvart år. KS har rekna ut at dei store byane vil vinne på omlegginga og vertskommunane ute i distrikta tape.

Vennesla kommune kan årleg tape opp til 20 millionar kroner fordelt slik: Eigedomsskatt: 10–15 millionar/år, konsesjonskraft 5,5 millionar/år og konsesjonsavgift 287.000/år.

Forslaget bryt med ein historisk og vellykka samfunnskontrakt, nemleg at vertskommunane for det første skal ha kompensasjon for tapt natur. Det kan vere i form av neddemte område for rekreasjon og beite, tapt fiske, tørrlagde fossar og stryk, endra vassføring i elvane og t.d. krypsivproblem, som kommunane langs Otra er plaga med.

For det andre bryt forslaget med eit opplagt og rettferdig prinsipp om at kommunane skal ha sin del av verdiskapinga frå vasskraftproduksjonen.

Både kraftbransjen og Landssamanslutninga av vasskraftkommunar tvilar på at omlegginga Sanderud-utvalet forslår, vil utløyse nye investeringar for å effektivisere kraftverka

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

«Folk skal ha tilgang på rimelig strøm»