Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

"Velferdsmafiaen" i det offentlege Noreg

Frå mange ulike hald er det kome harde ord retta mot kraftprodusentane og staten sine utanlandskablar.

Rånåsfoss kraftverk er eigd av Akershus Energi, som er eigd av Akershus fylkeskommune. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Rånåsfoss kraftverk er eigd av Akershus Energi, som er eigd av Akershus fylkeskommune. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Dei som kanskje har hatt den høgaste røysta mot kraftbransjen, har vore Leif Sande i Industri og Energi og tidlegare informasjonssjef i Statoil Hogne Hongset. Hongset har skrive ei krimbok om kraftsektoren som han kallar "Mafiela".

Kven er denne «mafiaen»? Jo, 90 prosent av denne «mafiaen» er offentleg eigde kraftprodusentar. Dei betalar selskapsskatt, over 35 prosent grunnrenteskatt, eigedomsskatt og naturressursskatt, i tillegg til å avgi konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Som om ikkje det var nok, deler dei også mesteparten av overskotet sitt til deg og meg gjennom utbytte til kommunekassen, fylke og/eller stat.

I tillegg til dei offentleg eigde kraftverka, har det dei seinare åra komme små kraftverk der grunneigarar eig kraftverket sjølv, eller at dei leiger ut vassfallet med privat avtalt heimfall til garden.

Kva blir desse «mafiapengane» brukte til? Jo til minstepensjonistar, sjukeheimar, skular, kultur og andre velferdsordningar. «Velferdsmafiaen» har eit samfunnsbidrag tilsvarande 50–60 milliardar (ifølgje BKK) til kommunar, fylke og stat.

Annonse

Kven representerer så Hongset og Sande? Jo, mellom anna kraftkrevjande industri. Denne industrien har fritak på elsertifikat til ein verdi på 1,3 milliardar årleg (ifølgje Civita.no), nesten fritak frå elavgift tilsvarande 5,3 milliardar kroner (ifølgje enerWE), og dei får CO2-kvotekompensasjon på 670 millionar i 2017 (Ifølgje Regjeringa).

Dei har òg fastpris på straum på om lag 70 prosent av energiforbruket. Dei er dermed omtrent upåverka av svingingane i straumprismarknaden. Det er så vidt eg finn ut om lag 10.000 arbeidsplassar i denne industrien. Dette utgjer eit avgiftsfritak på i overkant 600.000 kr/ tilsett.

Kven er desse selskapa? Jo: Eit av dei er Elkem, som er eigd 60 prosent av kinesarar. Alcoa, Eramet, Celsa osv., ja dei høyrer til kraftkrevjande industri i Noreg, men som namnet seier er dei eigd av utanlandske selskap. Her går sjølvsagt mykje av overskotet ut av landet. Eg synest det er greitt at selskap frå andre land eig i norsk industri på same måte som norske selskap eig i utanlandsk industri. Slik er no verda blitt.

Eg synest det er kjempeflott at vi har politikarar som verdset arbeidsplassane i kraftkrevjande industri og legg til rette for at me framleis skal ha denne industrien i landet vårt.

Det som undrar meg, er at det finst slike som Sande og Hongset og likesinna som til dei grader nyt godt av særordningar til industrien sin, rakkar ned på fornybarnæringa som bringar så mykje verdiar til velferdssamfunnet vårt.

Neste artikkel

Politisk lederskap i klimapolitikken