Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Veganisme er eit overskotsfenomen

Dyrevernar Marius Levernes leverer eit solid forsvar for veganisme som kosthaldsfilosofi, og eit sterkt angrep på norsk husdyrhald i Nationen 10/8.

Vi treng den beste maten, frå dyreriket så vel som planteriket, skriv Morten Nilsen. Foto: Mostphotos
Vi treng den beste maten, frå dyreriket så vel som planteriket, skriv Morten Nilsen. Foto: Mostphotos

At ein som sjølv vedgår å eta industriell kjøtmat går så hardt ut er i det minste originalt.

Les innlegget til Marius Levernes:

Ifølgje Levernes er dyrevelferd den viktigaste årsaka til veganisme. Miljø, klima, økologi, og eit syn på kjøt og animalsk føde som skadeleg, er nok andre viktige årsakar, men vi let dei ligge.

Annonse

Spørsmålet er kor konsekvent omsynet til dyra skal vera. Om ein aksepterer animalsk føde som høgkvalitetsmat, må ein vel kunna nytta viltkjøt og fisk/sjømat utan å koma i konflikt med dyrevernet. Vi får tru at elgen, torsken og krabben har levd gode liv til dei vart skotne eller fanga. Men er det å ta liv heilt uaktuelt, er det jo forkasteleg å jakta eller fiska.

Det er her eg stussar litt. Har dyr som stikkemygg og rotter same rett til liv? Eller kan vi drepa desse så lenge motivet ikkje er å eta dei? Kan vi med godt samvet gå i skog og mark? Kvart steg tek livet av små dyr som lever i strøet under skosolen. Og er det riktig å handsama plante- og soppriket annleis enn dyreriket? Dersom vi rangerer dyreriket «over» planter og sopp, kan vi vel også rangera menneska over torsk og elg?

At veganerar vert stempla som idiotar, slik Levernes hevdar, antek eg er på såkalla «sosiale medier». Eg har ikkje sett slikt påstått i den seriøse debatten. Å innta ytterleggåande standpunkt, som til dømes veganisme eller klimaskepsis, krev gjerne litt ekstra intellektuelt mot. Dei aller fleste veganerar er nok også oppvokst i møblerte heimar, med rikeleg av animalsk føde til kropp og hjerne.

Veganisme er eit overskotsfenomen. I fattige land er mange ufriviljuge veganerar. Overalt kor folk får betre kjøpekraft aukar inntaket av animalsk føde. Kina og Noreg har i dag om lag same kjøtforbruk per person. Det ligg nedfelt i oss alle at animalsk kost forbetrar liv og helse. Å avstå frå maten med høgast kvalitet, krev forsaking og intellektuell styrke. Eg kan tenka meg at det å leva utan nokon form for animalske produkt minner om ein røykjar som har slutta: Verst dei første tre vekene, og så vert det berre verre og verre…

Kosthald er ei privatsak. Men barna er avhengige av foreldra. Gena våre er utvikla i eit kjemisk miljø prega av eit svært variert kosthald. Skal barn utvikla seg fullt ut, treng dei den beste maten, frå dyreriket så vel som planteriket. Det skal også mor tenka på – før ho blir gravid.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Høyres feilslåtte skatt på matproduksjon