Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Valbrøl frå bygd og by

Det som kan sjå ut som eit godt tiltak i byen, er ikkje nødvendigvis det på bygda. Vi må sameine klimatiltak, verdiskaping og rettferd sosialt og geografisk.

Slutt å brøle: Vi må gå vidare frå brøl til dialog og frå kunnskap til handling, skriv Aud Hove. Foto: Oppland fylkeskommune
Slutt å brøle: Vi må gå vidare frå brøl til dialog og frå kunnskap til handling, skriv Aud Hove. Foto: Oppland fylkeskommune

No er ein valkamp over som kanskje vart som forventa for mange, men samtidig gav den oss eit lite pek gjennom det som vart valresultatet. Eg er over gjennomsnittet oppteken av politikk. Og for dei aller fleste som er det, er det fordi vi ynskjer ei samfunnsutvikling utifrå kva verdiar vi har, kva erfaringar vi har gjort oss og kvar vi bur.

Vi har gjennom valkampen hatt både bygdebrøl, klimabrøl, oljebrøl og kanskje vi også kan si at vi har hatt eit bybrøl.

Bygdebrølet vart ein motstand mot ei stadig aukande sentralisering der ein etter kvart ser at fordelinga av arbeidsplassar, tenester og økonomi ikkje kjem alle til gode eller forsvinn frå der du bur. Det gjeld både innanfor beredskap, utdanning og konkrete tenester som den enkelte treng med jamne og ujamne mellomrom. Bondeopprøret heng også saman med bygdebrølet.

Klimabrølet starta for å få fokus på klima og natur. Dei som starta brølet ynskjer å bygge bru og skape ei brei, folkeleg oppslutning for modige klima- og naturval dei folkevalde må ta på vegne av alle. I løpet av valkampen kom motsvaret med eit oljebrøl. I løpet av kort tid fekk dette brølet mange medlemmar. Dette brølet traff ei nerve i ein klima- og oljedebatt som eit folkeleg opprør mot radikal klimapolitikk.

Annonse

Riksmedia køyrde klima som den store saka i debattar og innlegg. Dei spådde eit klimaval til fordel for dei partia som ville ha radikale endringar av klimapolitikken. Etter kvart fekk vi resultatet frå skulevala som tydeleg viste at MDG ikkje nådde opp blant dei unge og at det var tydelege forskjellar mellom bygd og by i kva parti som gjekk fram.

I stortingsvalet på landsbasis gjekk R, SV, MDG og V fram, spesielt i byane og Sp i distriktet. Men MDG, med si radikale tilnærming på klimapolitikken, kom ikkje over sperregrensa. I Oppland var det kun Sp (+4,0 %), SV (+1,0 %) og R (+1,9 %) som hadde oppgang av alle partia.

Dei siste meiningsmålingane før valet viste eit Sp i «fritt fall» og det var stor merksemd på dette frå media. Til tider litt skadefryd? Men på valkvelden kom den tydelege beskjeden frå veljarane. Dei ynskjer eit sterkt Sp, spesielt i distrikta. Det er bygdebrølet som brølar at nå må vi sjå heile landet. Vi må ha like sosiale og geografiske moglegheiter med ein rettferdig klimapolitikk.

Vi må ha kunnskap om kva tiltak som må gjerast for å få effektive kutt for å nå måla i Parisavtalen. Men vi må også ha oversikt over kva konsekvensar tiltaka vil ha, for den enkelte og for samfunnet i sum. Skal klimapolitikken ha brei oppslutning og legitimitet må heile befolkinga ta del i omstillinga og vere trygge på at det går rett veg.

Det som kan sjå ut som eit godt tiltak i byen, er ikkje nødvendigvis det på bygda. Vi må sameine klimatiltak, verdiskaping og rettferd sosialt og geografisk. Vi treng også meir kunnskap og kjennskap på tvers av både sosiale og geografiske grenser. Som ei frå Oslo sa; Eg kjenner så lite til distrikta at eg har ikkje fordommar mot dei.

Så kan ein spørje seg om klimabrølet er eit bybrøl og oljebrølet eit bygdebrøl. Svaret kan nok variere, men vi kan si at det ikkje nødvendigvis er så konstruktivt å stå og brøle til kvarandre. Skal vi lykkast med rettferdig fordeling, ta heile landet i bruk gjennom gode tenester, tilbod og arbeidsplassar kan vi ikkje stå i kvar vår grøft og brøle. Vi må gå vidare frå brøl til dialog og frå kunnskap til handling.

Neste artikkel

Senterpartiet har ikke blitt målt så lavt på nesten tre år