Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utvid horisonten i sommar

Når koronaen er ferdig, skal vi bygge landet igjen. Helst i lag. Då gjer det jo ingen ting at det meste av utlandet er stengt i sommar, og at vi må halde oss i Noreg.

Kom til Oslo: Meiner du at folk som bur i by ikkje kan krevje klimakutt fordi dei forureinar så gale, bør du ta ein tur til ein storby i sommar, for eksempel Oslo, skriver Inger Johanne Sæterbakk. Foto: Mostphotos
Kom til Oslo: Meiner du at folk som bur i by ikkje kan krevje klimakutt fordi dei forureinar så gale, bør du ta ein tur til ein storby i sommar, for eksempel Oslo, skriver Inger Johanne Sæterbakk. Foto: Mostphotos

Mange kjenner berre det Noreg dei sjølv lever i, og i staden for å bli kjent med resten av landet, sit mange i ro i si eiga bygd, i sin eigen by, i sin eigen klasse, i lag med sin eigen for lengst eigendefinerte og tronge kohort, og ventar at andre skal forstå og godta dei, deira liv og deira prioriteringar. Utan at dei er interesserte i å forstå eller godta korleis andre lever. Trongsyn går alle vegar. No er det på tide å lufte seg, løfte blikket og puste inn lufta du ikkje har heime, anten det er byluft, sjøluft, fjelluft eller lufta av frau og gras. Kan hende blir synsfeltet vidare av det.

Her er mine skreddarsydde turtips for sommaren i Noreg:

Du som meiner at vi ikkje treng ein nasjonal matproduksjon fordi vi kan importere mat som er betre og billigare, kan først prøve å ta deg ein tur til Sverige for å handle. Då vil du raskt oppdage at grensa er stengt. Eg tilrår heller å legge turen om ei bygd, til dømes på Austlandet eller Vestlandet, som ikkje er fråflytta, som ikkje er grodd att og der det framleis finst både gardar i drift, husdyr på beite og offentlege arbeidsplassar, og tenkje på om nasjonal matproduksjon kan ha noko for seg. Hint: Svaret er ja.

Du som deler biletet av ein forureina by på internett og meiner at folk som bur i by ikkje kan krevje klimakutt fordi dei forureinar så gale, bør ta ein tur til ein storby i sommar. Sidan biletet du deler på internett er frå utlandet, blir det vanskeleg å gjenskape det heilt, men ta ein tur til Oslo, for eksempel. Du kan jo starte med å sjå på kor mange som bur i relativt små leilegheiter, kor få som køyrer bil og kor mange som syklar eller reiser kollektivt, og gjere klimareknestykket på nytt.

Annonse

Du som meiner at det ikkje er sosiale forskjellar i Noreg, kan forresten slenge deg med på den turen. Kva med å ta ein tur frå vest til aust i Oslo, med eit stopp i indre by?

No er det på tide å lufte seg, løfte blikket og puste inn lufta du ikkje har heime

Du som meiner at sentralisering av helsetilbod, politi og det meste anna av offentlege tenester er eit gode for distrikts-Noreg, kan først kjøpe deg ein flybillett til ein av flyplassane i Finnmark. Dersom du har pengar igjen når flybilletten er betalt, kan du køyre deg ein dagstur i fylket og sjå kor langt du køyrer utan å komme fram. Ta med myggolje i tilfelle motorstopp, det kan vere langt til nærmaste verkstad. Og bli for all del ikkje sjuk eller utsett for noko kriminelt mens du er der.

Du som meiner politisk kamp for rettferdig fordeling, like rettar for alle og fellesgode handlar om misunning og ikkje om reelle behov, kan først stikke innom ein familie med låg inntekt i ein kommunal bustad ein eller annan stad i landet. Når du kjenner at det blir litt klaustrofobisk, kan du ta turen til strandsonen og sjå om du finn ein ledig plass å boltre deg på, utan skilt om ”privat eiendom, adgang forbudt”, eller berre nyte allemannsretten i ein ikkje privatisert kommunal park eller skog.

Du som meiner at det er unødvendig å seie i frå om urettvise, om rasisme, om undertrykking basert på hudfarge, kjønn, etnisitet eller legning, fordi du aldri har opplevd det sjølv, du kan halde deg heime og tenke over dei kvite privilegia dine. Kan hende opnar det også for nye perspektiv du ikkje ante at du hadde.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Allemannsrett og friluftslov