Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulvejakt og gløymesjuke

Ja, er det noko anna enn gløymsle at ulvejakta er forpurra atter ein gong.

Inngjerda ulv: Denne ulven held til på Langedrag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Inngjerda ulv: Denne ulven held til på Langedrag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ulven er eit skadedyr, det visste våre forfedrar og laga i stand jakt med skottpremie. Sverige var først ute, og Noreg fylgde etter med same tiltak i 1850 åra. Rovdyrtalet vart redusert til null i store område på kort tid. Beitedyr og fredeleg vilt fekk beitefred – matfred, ein naudsynt sak i tilværet.

Dei ulvane som vart jakta på no er ”innplanta” i dei siste 40 åra, og såleis ikkje godkjent av folk i bygdene som fekk oppleva rovdyrfri natur. Herlegdom frå 1870-åra til 1960–70 åra. Eg er blant dei som fekk oppleva denne tidsbolken i norsk natur, og ser det som terror mot bygdefolket og deira arbeid og liv slik ulvepolitikken er no.

Annonse

Gløymt er alle dei store tragediane ulvane er årsak til, og kostnadane det fører med seg. ”Hurdalstispa” kosta 24 millionar! I dette er det 336 455 kr per dag av dei 71 dagane ho var i aksjon.

Hittil er dette rekord så vidt me kjenner til, men det er og mykje som ikkje er taksert slik at det sannsynleg kan koma opp til 34 millionar berre på dette eine dyret. Det er mange tilfelle med ulveangrep som aldri har vorte etterfylgt i kostnader, og det er blitt slik at folk ikkje orkar å fylgja med på den økonomiske utfordringa dette er.

Eg og fleire med meg vil ha full kontroll på desse dyra i innhegn. Der er dyra i det beste vern, og beite og viltet ute i naturen er trygge. Dette er eit mål me kan nå i fellesskap med Sverige som også har ein veksande opposisjon mot ulvepolitikken og fredinga som går heilt over hovudet til landbruket, og påfører næringa store tap og ekstra arbeid.

Dei som samlar seg mot dette har kravd innhegn. Skal det vera ulv i Sverige ”måste den vara innhegnad”.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Trugsmål mot ulvejeger er uakseptabelt