Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

TV-aksjonen 2020

I Nationen 5. februar refsar Jon Ingebretsen frå MDG boikotten mot årets TV-aksjon, men han nemner ikkje alle alvorlege klagemål mot WWF.

Innsamling: Til hausten skal årets TV-aksjon gå til WWF og eit prosjekt for å rydde plast i havet. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
Innsamling: Til hausten skal årets TV-aksjon gå til WWF og eit prosjekt for å rydde plast i havet. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

WWFs «rewilding»-ide fordriv bønder brutalt frå jorda si over heile verda, jorda deira blir til «urørt» villmark, og villdyr innført. I artikkelen "WWFs secret War" avslører den amerikanske nettavisa BuzzFeed News den forferdelege framferda til WWF-støtta paramilitære grupper i Asia og Afrika, som m.a. angrip lokale folk med machetar, seksuelle overgrep, tortur og drap.

Ein sjokkerande video om brutaliteten overfor lokalbefolkninga, utført av m.a. WWF-tilknytte nasjonalparkvakter, er laga av det nederlandske TV-dokumentar-programmet Zembla. Den kan du sjå på YouTube. Forfattaren Chris de Stoop avslørar i bokform den europeiske rewilding-rørsla og deira grøne imperialisme.

Annonse

Toppsjefen Carter Roberts tok ut over 12 millionar kroner i løn etter at WWF fekk norske regnskogpengar.

Eg ynskjer ikkje å bidra til at ein organisasjon med griske sjefar og brutal «herrefolk»framferd skal bli «grønvaska» gjennom TV-aksjonen. Men dei friviljuge skal ikkje klandrast, så åt ev. bøssebærar vil eg smile og si nei takk eg støttar heller Utviklingsfondet i år.

Utviklingsfondet støttar fattige bønder i kampen for betre liv, og bygger på lokale ressursar – ein verdig mottakar. Det er ikkje WWF.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Maten vår i koronaens tid