Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tryggare jernbane og betre togtilbod med EUs fjerde jernbanepakke

Regjeringa satsar på jernbanen.

Samferdsleminister Jon Foto: Patrick da Silva Sæther

Med framlegget til statsbudsjett for 2020 har vi auka løyvingane til jernbanen med heile 88 prosent sidan vi kom i regjering i 2013. Det er no 15 millionar fleire persontogreiser i året enn for seks år sidan. Dette er ein auke på over 20 prosent.

Satsinga på jernbanen kan ingen jernbanepakke ta frå oss eller overstyre. Stortinget skal framleis bestemme jernbanepolitikken. Og staten eig toga, Vy, skjenene, stasjonane, verkstadene, signalanlegga og billettsystemet. Norsk jernbane blir altså ikkje privatisert, slik kritiske røyster hevdar.

Men når vi bruker så mykje pengar på jernbanen, er det avgjerande at vi får mest mogleg jernbane for pengane, samstundes som dei reisande får eit betre togtilbod.

Dei to konkurransane om persontrafikken har vist at konkurranse verkar. Vi har så langt spart staten – oss – for 8 milliardar kroner dei neste ti åra. Neste år kjem slike innsparingar jernbanen til gode, til dømes ved at vi går i gang med elektrifiseringa av Trønder- og Meråkerbanen.

Annonse

For meg er det opplagt at dette er ein fornuftig politikk, men eg registrerer at motstandarar av EUs fjerde jernbanepakke er kritiske til hovudregelen i pakka om at drift av togtilbod skal skje etter konkurranse. Men jernbanepakka opnar for unntak, slik at hovudregelen om konkurranse ikkje er hogd i stein.

Mange motstandarar av jernbanepakka, mellom anna Norsk Lokomotivmannsforbund og Norsk Jernbaneforbund, meiner òg at jernbanepakka går ut over sikkerheita. Det meiner eg ikkje er riktig.

Statens jernbanetilsyn har eit overordna ansvar for jernbanesikkerheita i Noreg. Tilsynet slår fast at føremålet med EUs fjerde jernbanepakke er å vidareføre eller auke sikkerheitsnivået på jernbanen. Dei nasjonale krava som vi treng, mellom anna på grunn av vinterføre i Noreg, blir vidareførte. Vi vil framleis ha nasjonalt tilsyn med togselskapa, og EU kan ikkje overprøve Statens jernbanetilsyns vurderingar av om toga køyrer sikkert på jernbanenettet vårt. Nasjonale styresmakter skal framleis kunne stanse togtrafikk som blir vurdert til å vere uforsvarleg.

EUs jernbanebyrå (ERA) får ei koordinerande rolle og vil behandle søknader som gjeld fleire land, til dømes om grensekryssande togtilbod og nye togtypar som skal inn i trafikk. Men dei nasjonale styresmaktene skal alltid vurdere om naudsynte nasjonale reglar er oppfylte.

Vi mistar altså ikkje råderetten over norsk jernbane. Hadde vi gjort det, ville ikkje regjeringa har vore positiv til innføringa av jernbanepakka. Vi vil leggje til rette for ein sikker, konkurransedyktig og miljøvenleg jernbane for framtida. Med den fjerde jernbanepakka styrkjer vi moglegheitene for å få dette til.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uenighet om hjemmebrent i EU