Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine jobber for mjølkeprodusentane i heile Norge

Q-bonde Anders Malmin seier at «Tine jobber for å holde prisen oppe, og Q ønsker egentlig å betale minst mulig». Det er presist forskjellen.

Etterbetalingen og resultatet er eit godt fundament, slik at både mjølkebonden og selskapet dei eig kan gjere nødvendige investeringar, skriv Tine-sjef Gunnar Hovland. Foto: Siri Juell Rasmussen
Etterbetalingen og resultatet er eit godt fundament, slik at både mjølkebonden og selskapet dei eig kan gjere nødvendige investeringar, skriv Tine-sjef Gunnar Hovland. Foto: Siri Juell Rasmussen

Tine er eigd av mjølkeprodusentar over heile landet som forventar at me gjer alt me kan kvar dag for å selga mest muleg mjølk til ein best muleg pris for dei. Q er eit aksjeselskap der «å betale minst mulig» for mjølka gir høgast muleg avkastning til aksjeeigaren. At Q og Tine derfor har ulike syn på sentrale spørsmål bør derfor ikkje overraske. Hugs litt på det….

Nyleg leverte Tine rekordresultat for 2020, med den høgaste etterbetalingen nokonsinne for levert mjølk til våre eigarar over heile landet. Det er eit viktig fundament for framtida. Eigarar og tilsette i Tine fortener heder og ære for den fantastiske innsatsen som har blitt lagt ned i pandemiåret. Det har vore krevjande for mange og heile verdikjeda frå jord til bord har verkeleg stått på for å levere det samfunnskritiske oppdraget. Eg er imponert over kor mange som «blør for drakta», det er til å bli stolt av.

Så kvifor slepp eg ikkje jubelen heilt laus? Fordi «koronaeffekten» er betydeleg – men midlertidig. Me tapar markeds andeler i sentrale strøk, eksportvoluma er borte, importen til Norge fortsett å auka, grensehandelen vil fort gjenoppstå og våre konkurrentar blir subsidert gjennom politiske ordninger som for lengst har utspelt sin rolle.

Men i 2020 har me lært ein heil del og me klarte å omstilla oss til stadig skiftande konsekvensar av pandemien. Me kan aldri kvila på gode resultat, så sjølv om fjoråret gikk bra jobbar me heile tida hardt for å bli enno betre framover.

Annonse

Etterbetalingen og resultatet er eit godt fundament slik at både mjølkebonden og selskapet dei eig kan gjere nødvendige investeringar i mellom anna dyrevelferd, bærekraft, innovasjon, vekst, merkevarebygging og effektivisering for framtida. Det er eg utruleg glad for.

Så nevnte eg konkurransepolitiske ordningar. Den siste veka har dei som les landbruksmediene fått med seg misnøyen der Anders Malmin seier: «Det har vært en bismak med å levere til Q lenge. Q har blitt for store. Tine jobber for å holde prisen oppe, og Q ønsker egentlig å betale minst mulig».

Dette er ein treffande analyse der me har etterlyst handling frå politikarane i lang tid. Det er berre Tine som jobbar for høgast muleg volum og pris til mjølkeprodusentar i heile Norge - me har det som formål. Kvifor er det viktig? Jo, fordi som Anders seier «Q ønsker egentlig å betale minst mulig» og truar kvote- og prisutjevningsordningen om dei ikkje får det som dei vil. Det kan ende med at det berre er store gardsbruk nær sentrale meieri som vil overleva. Konsekvensen av det er avvikling av gardsbruk andre stadar som igjen vil få store konsekvensar for turisme, kulturlandskap, lokalsamfunn og arbeidsplassar.

Nesten samtlige politiske parti seier difor at landbruk over heile landet er ei viktig målsetting. Det store fleirtal i det norske folk meinar det same. Når til og med Q sine eigne produsentar meinar det har gått for langt, så er det på tide å gjere noko med det. Det var rett å innføre tilskot for å styrke konkurransen for 20 år sidan – til no er det brukt over 2 millardar kroner i slike tilskot og konkurrentane er blitt store og meir lønsame enn Tine. Då er det rett å avvikle konkurransevridande tilskot. Det er på overtid, spør du meg.

Me skal bruke 2020 som eit fundament for åra som kjem og gjere alt me kan for å skapa eit levande Norge framover saman, men det krev at me får konkurrera på like vilkår.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Folkets tjenere