Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tilbake til fortida?

Eg misunnar ikkje nokon korleis ein lever i dag, og eg ville ikkje vakse opp i ei anna tid.

Eg misunnar ikkje nokon korleis ein lever i dag, og eg ville ikkje vakse opp i ei anna tid, skriv Bjarne Undheim. Foto: Th. Skotaam / NTB scanpix

Me har fått framlagt ein miljørapport frå Eat der fokuset stort sett er på matproduksjon og kor lite kjøt me må eta for å redda klodens miljø. Men er det produksjon av mat som er den største utfordringa? Kva med måten me lever på?

Eat-rapporten har i alle fall provosert meg kraftig. Slike ting må ein fyrst få litt på avstand, og få roa seg ned før ein grip pennen fatt. Sørlendingen har eit godt uttrykk for slikt; "Av og til sidder æ å tenker, men av og til så bare sidder æ."

For å prøve å setja dette i eit større perspektiv vil eg dela nokre opplevingar frå barndommen og fram til i dag. Det høyrest kanskje høgttravande ut, men det vert det ikkje.

Eg vaks opp i det som etter kvart vart ein storfamilie; mor, far, farfar og seks søsken heldt til i eit lite jærhus, med ei lita løe og litt jord som tre generasjonar på kvar sin måte har dyrka, bygd bustadhus og driftsbygningar på for å prøva og hanga med i tida.

Frå sentralt hald fekk eg høyra at eg alltid måtte ha ein nyvaska, helst også ny, kjeledress i beredskap.

På slutten av 50-talet, då eg var ni år og syskjena enno berre fire, budde me framleis i jærhuset, og hadde eit fjøs med 4 kyr, eit par sugger og ca. 20 sauer. Eg tenkte aldri på at me nok ikkje hadde meir enn me trong økonomisk, fordi me aldri mangla noko. Bil, eller rettare sagt folkevognbuss, fekk me fyrst i 1958, då far skulle køyra skuleruta.

Når det var slakting hjå naboen og heime om hausten fekk me vera med på alt, frå slakting til «foredling» av saueskotten. Lam var forbeholdt «byfolk». Blodpudding, blodkumle og pølser stappa i vaska tarmar. Alt på sauen vart nytta, frå hovud til føter. På den tida vart alt gjort heime.

Nabokona hadde eit triveleg og godt liv, men nøysam var ho, og etter det eg veit reiste ho aldri utanfor Rogaland, heller ikkje nord for Boknafjorden. Ikkje hadde dei bil eller traktor, men dei hadde to hestar som dei dreiv garden med.

Så kjem spørsmålet, kva klimaavtrykk etterlèt ho seg? Eg skal gjera noko forsøk på å rekne det ut, det får andre prøve på. Samstundes er eg spørjande til kor langt frå brygga i Lillesand familien Stordalen kjem med sin Rib-båt med 3 påhengsmotorar og 825hk, før han har sett like stort klima avtrykk som nabokona gjorde i eit heilt liv.

Annonse

I kjellaren hadde me matbu, for å bruka eit fint ord. Der var det heimelaga saft og sylt, samt fleire keramiske store krukker og fleire plastdunkar fylte med saltlake og kjøt. Me hadde ingen fryseboks, men derimot salta og tørka sauekjøt i ulike variantar. Me hadde også ein vaskekjellar, og etter kvart ei enkeltståande sentrifuge som etter påverknad frå saltlaken i naborommet til slutt likna eit par mislukka månelandingar. I dag vaskar ein kleda berre dei har vore på kroppen, uavhengig om dei treng vask.

Det minner meg om eit bilete som vart teke av meg og traktoren ein gong.

Bjarne Undheim i 2002, den gongen leiar i Rogaland Bondelag, på traktoren. Foto: Håkon Vold

Våren 2002 vart eg innstilt av valkomiteen som ny leiar av Bondelaget. Nationen ringde og sa at dei trong eit bilete av meg. Dette var i vårvinna og møkka skulle ut. Ein kvar som kjenner jærbonden veit at på slike dagar går det i 110. Fotografen kom og tok bilete av ein møkkete person og ein møkkete traktor, og ein kjeledress som var lappa på buksebeina. Frå sentralt hald fekk eg høyra at eg alltid måtte ha ein nyvaska, helst også ny, kjeledress i beredskap. Eg som trudde det var innsida som talde!

Når eg sjeldan ein gong ser på desse oppfiksingsprogramma på fjernsyn blir eg litt spørjande til ressursutnyttinga. Det første som kjem på plass er ein konteinar der alt som er ukritisk rive ut vert kasta. Neste trinn er spikring og måling ut av ei anna verd. Så er det nye møblar av fancy type som skal på plass, gjerne ein sofa som ikkje passar for nålevande menneske. Me har 30 cm for lang rygg og 30 cm for korte lår til å sitja godt i slike sofaer. Eg har truga borna mine med at eg tek med campingstol når eg kjem på besøk.

Etter mi meining må det vera eit visst samsvar mellom det ein står for og korleis ein ter seg.

Gode kjøkkeninnreiingar går i den same konteinar og inn med noko nytt og fint som prislappen helst burde vore påsett.

Det er vel og bra at ekteparet Stordalen engasjerer seg i det grøne skiftet. Men det står ikkje til truande med eit jetsettliv der fokus på klima og forbruk ikkje akkurat er det mest framtredande. Det næraste eg kjem familien Stordalen er eit bilkjøp fleire av borna omtaler som «rånebil», men som eg nynnar, når eg år om anna gjer meg ein tur over Skagerak for å reinsa eksosrøyra; «når man blir 66 så gjør man som man vil.»

Skal eg så slutte med mine to kokte egg til morgons og ein skikkeleg entrecot på grillen ein sommardag fordi Eat-rapporten rettar eit einsidig fokus på mat?

Etter mi meining må det vera eit visst samsvar mellom det ein står for og korleis ein ter seg. Eg misunnar ikkje nokon korleis ein lever i dag, og eg ville ikkje vakse opp i ei anna tid. Oppveksten har vore ein god ballast å ha med seg i livet, og eg ville ikkje byta med nokon.

Men det store spørsmålet er, vil me godta eit enklare levesett? Eg trur ikkje me løyser alt med divers smarte duppedittar, utan at me er villige til å ta eit oppgjer med levemåten vår.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kan klimaproblemet løses med kabler og vindkraft?