Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Til styret i NBS og forhandlingsutvalet

Som tidlegare styremedlemmer og medlemmer i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil me oppmoda NBS om å ta medlemmene sin økonomi på alvor, når de går i forhandlingar med staten. Me kan ikkje sjå att det har vore gjort dei siste 35 åra.

Får oppmoding: Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Får oppmoding: Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Etter at Per Harald Grue laga til levekårsfordelar og talfesta dei i 1985 så har dei vorte kamuflert i Budsjettnemnda sine tal. Tala bygger på driftsgranskingane sine talmenn dei vert sokalla «veide» før dei vert lagt fram. Totalrekneskapen for landbruket syner heilt andre tal for inntektene til bøndene enn det Budsjettnemnda legg fram.

Annonse

Som eit utgangspunkt for eigne tal vil me oppmoda NBS om å skaffe fram rekneskapstal frå eit 100 tals bruk før forhandlingane i år for å syna skilnaden på det verkelege landbruket og staten si framstilling av lønsemda i næringa.

Det burde ikkje vere vanskeleg å få tak i slike rekneskap frå utvalde rekneskapskontor og samkøyra dei med kvarandre, og få illustrert både for staten, bondelaget og bøndene kor falske tala er som de forhandlar ut ifrå.

Då hadde det vore freistande å støtta organisasjonen med ein kontingent.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Grønn dugnad til glede for alle