Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for nye tankar også i norsk landbruk?

Landbrukssamvirket er ryggrada og berebjelken i norsk landbruk. Etter mi meining ligg begge organisasjonane, Tine og Nortura, nede for teljing.

Jarlsberg-ost på tilbod på Coop i Ljusdal i Sverige. Foto: Lars Bilit Hagen
Jarlsberg-ost på tilbod på Coop i Ljusdal i Sverige. Foto: Lars Bilit Hagen

Eg skal berre inn på nokre grunnar til kvifor, men både Tine og Nortura har mest seg sjølv å takke. Dei har, etter mi meining, ikkje fylgt med i timen og svarar ikkje lenger til dei forventningar medlemane, heilt sidan starten av har hatt til landbrukssamvirket.

Landbrukssamvirket skal ta seg av omsetninga av mjølk og kjøtt for at bonden skal produsere, og gjennom eit slikt samspel, styrke økonomien til landbruket i heile landet. Landbrukssamvirket har heile tida hatt motkrefter i det private næringsliv, ymse regjeringar og frå bønder, som på andre måtar har ønskt å tene betre, enn sine yrkesbrør.

Mottaksplikta har gjort at mange kan bruke noko av mjølka sjølv og levere resten til Tine, som gjennom si mottaksplikt, må ta imot resten. Vidare har staten gjeve løyve til å etablere fleire nye konkurrentar. Desse skulle få årlege tilskot på opptil 50 millionar frå landbruksoppgjeret for å ta opp konkurransen med Tine, noko som i praksis har vist seg å verte ei fast ordning gjennom dei siste 10 åra. For å følgje ei oppmoding frå WTO vedtok regjeringa å fjerna eksportstøtte for Jarlsberg-ost, som gjer at produksjonen av den same Jarlsbergosten må leggast ned her i landet frå 1. juli 2020.

Tine har som føremålsparagraf å ta imot og omsette all norsk mjølk. Det er difor rart at den produksjonen ein taper i Norge vert erstatta av at Tine bygger eit meieri i Irland, som skal produsere Jarlsberg-ost på irsk mjølk. Den skal eksporterast frå Irland og slik gje overskot til norske mjølkeprodusentar og på den måten gjere norske gardar større.

Ein kan vidare undre seg når forseinking av meieriet i Irland gjer at Tine i denne tida treng 40 millionar liter mjølk meir i 2020 fordi dei ikkje klarte å få ferdig utbygginga til 700 millionar, fordi dei ikkje hadde ordna med utsleppsløyve i Irland.

Dette heng ikkje på greip. Eg er klar over at vedtaka er fatta i lovlege former og i dei rette organ. Når ein no kan lese at mange av styremedlemane i Tine trekkjer seg, kan ein tenke tanken, at det kan hende dei har fått kalde føter for utsiktene for Tine si framtid, etter denne vågale etableringa i Irland for norske bønder si rekning.

Det heng ikkje på same greipa, at Tine vil ha kortare veg frå produsent til styre når dei vil redusere Eigarrådet frå 40 til 20 medlemar neste år. Det samsvarar ikkje med at Tine reduserer avstanden og vil ha kortare veg frå produsent til styre.

Årsmøtet i Tine har 110 eigarvalde utsendingar. Det vert truleg vanskeleg å halde tradisjonelt fysisk årsmøte i slutten av april. For framtida veit ein at talet på mjølkeprodusentar er så sterkt redusert at ein i staden for å halde tradisjonelt årsmøte med valte utsendingar, heller kunne hatt ei uravrøysting der alle mjølkeprodusentar hadde eit ord med i laget.

Slik verkar det ikkje no. Investeringa i Irland er grunna i meieritekniske spekulasjonar der ein vonar å treffe ein blink som meieribruket har hatt mange bomskot mot, når dei har freista seg på utanlandsinvesteringar tidlegare.

Når mjølkeprodusentane taper 26 000 kroner i redusert mjølkepris i 2019 fortel det at resultatet til fordeling har vorte mindre. Det er det same driftsresultatet som skal betale direktørlønene på fleire millionar, som dei ikkje har skapt grunnlag for. Det er styret sitt ansvar både å stå for eventyrleg satsing i utlandet, basert på utanlandsk mjølk. Vidare det styrets ansvar å ikkje kjøpe leiarar for dyrt!

Dobbel mottaksplikt er eit omgrep som har undra meg, men som eg har forstått er noko Nortura ikkje er særleg glad for. Dei har nok å stri med når dei skal kjempe mot populistiske statsstøtta rørsler, som skal overleve, utan kjøtt i kosthaldet.

Nortura har praktisert og vore ein aktiv medspelar for marknadskreftene, med å praktisere sentralisering, som det mest saliggjerande.

Nortura har praktisert og vore ein aktiv medspelar for marknadskreftene, med å praktisere sentralisering, som det mest saliggjerande. Det finst neppe i nokon landbruksorganisasjon med noko rekneskap som viser kor mykje ein har tent eller spara på sentraliseringa.

Det eg veit er at det heile tida er bøndene som har betalt rekninga. Sentraliseringa har ikkje berre ein pris, men set og grenser for kva som er dyrevelferd, med grenser i tid og avstand for human dyretransport. Prisutviklinga ber ikkje bod om at sentraliseringa har gjeve bøndene nokon gevinst med høgare pris og da er vel hensikta med sentraliseringa borte. Vi veit ikkje om kjøttprisane hadde vore dårlegare med ein meir desentraliser struktur på Nortura sine anlegg.

Differansekalkylen vert difor i stor grad kva transporten kostar. Kva dei store sentraliseringsanlegga kostar får vi vite mindre om. Då Tine bygde nytt konsumanlegg på Høgset i Gjemnes kommune vart dette sentralisert og erstatta med køyring av konsummjølk over store avstandar. Meierianlegget på Høgset som vart lagt ned hadde kosta meir enn 100 millionar å bygge og det vart selt til marknadspris, som vart på knappe 10 millionar. Slikt kan ein gjere når bøndene betaler gildet.

Det finst lyspunkt til å gle seg over. Då regjeringa tok vekk eksportsubsidiane på Jarlsberg-osten, som var hovudproduktet til meieriet i Elnesvågen, kom det straks ein komite, som skulle vurdere meieridrifta i framtida og der nedlegging kunne verte resultatet.

I staden for å sette seg ned å vente, tok dei initiativ og sette i gang ekstra marknadsføring av sin nyaste produkt ”Norsk Alpeost”. No ser det ut til at tiltaket vart vellukka og ny stor kontrakt på den Amerikanske marknaden kan vere framtida for meieriet i Hustadvika, som er landets 4. største landbrukskommune

Dette er eit døme på korleis ein samvirkeorganisasjon skal fungere i marknaden for å nå si målsetting om at ei gardsinntekt i overført tyding, skal gje eit økonomisk utkome til å leve eit rikt og meiningsfylt liv også i distrikta.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nortura: Sparer 60 millioner årlig ved å legge ned slakteri