Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tapsprosjektet politireforma

Den såkalla nærpolitireforma har gitt lengre avstandar mellom innbyggjarar og politiet.

Det er bra at Jonas Gahr Støre og Ap har teke innover seg realitetane etter politireforma, skriv Jenny Klinge i Sp. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Medan partileiar Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet meiner regjeringa har brote forliket om politireforma, har vi i Senterpartiet heilt sidan starten meint at forliket var basert på feil politikk.

Ap tilførte noko positivt til det politireformforslaget som regjeringa leverte vinteren 2015, men langt frå nok til å laga ei god politireform. Eg veit og respekterer at Ap meinte dei var med og «tok ansvar» når dei inngjekk dette breie forliket om politireforma i Stortinget i 2015. Likevel bør det å ta ansvar også innebera å prøve å stoppe ufornuftige endringar og massive samanslåingar, ikkje å stemme fram slikt i nasjonalforsamlinga.

Annonse

No ser vi at det Senterpartiet åtvara mot dessverre er resultatet – den såkalla nærpolitireforma har gitt lengre avstandar mellom innbyggjarar og politiet, mindre publikumskontakt og mindre førebyggande politiarbeid. Regjeringa klarer ikkje å levere bevis på at talet på politipatruljar har auka i tråd med målsetnaden deira heller.

Alt dette fører til at mange politifolk er frustrerte over manglande høve til å utføre det samfunnsoppdraget som politiet har.

Det er bra Ap endeleg har teke realitetane innover seg, trass i at denne innsikta kom i seinaste laget. Eg håper likevel at det kan medverke til at dei lensmannskontora og politistasjonane som står igjen etter reforma blir styrka etter stortingsvalet i 2021. Dette kan Senterpartiet og Ap stå saman om.

Politiet må bli sett i stand til å vera til stades i nærmiljøa, til å skaffe seg lokalkunnskap og førebyggje kriminalitet i tillegg til å vera gode på nettkriminalitet og mykje meir. Moderne teknologi krev nye metodar som politiet også skal ta i bruk, men eit politi som er til stades og som ser og bryr seg om folk blir aldri umoderne eller unyttig.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK