Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Takk til Nortura

Takk til Nortura-styret som la ned eit av dei beste slakteria i konsernet - mot eigarane si vilje.

Får kritikk: Styret i Nortura, her ved styreleiar Trine Hasvang Vaag under årsmøtet i april 2019. Foto: Siri Juell Rasmussen
Får kritikk: Styret i Nortura, her ved styreleiar Trine Hasvang Vaag under årsmøtet i april 2019. Foto: Siri Juell Rasmussen

Takk til Nortura, som trass i mange advarsler frå eigarane oppfordra bøndene til å produsere fleire lam. Det var overhovudet ingen fare for overproduksjon, hevda marknadsregulator, men dei som var skeptiske fekk da rett. Sauen får eigarane ikkje noko for, lammeslakta har ein reduksjon på ca. 10 kr pr. kg.

Takk til Nortura som marknadsregulator, som ikkje tok grep på andre måtar enn å kjøpe ut grisebesetningar utan å ta med eingongspurkene.

Takk til Nortura som ikkje vil vere med på at ein overproduksjon svekker inntekta til eigarane. Det er vel berre kvitsnippane i selskapet som tener meir for kvart år utan å bli meir effektive. Unntatt å bruke eigarens pengar, da. Dei bruker pengar som fulle sjøfolk.

Takk til Nortura som inngjekk avtale med Asko, noko som førte til at konsernet har tapt mange millionar i forhold til det dei hevdar dei sparer på å legge ned Otta. Og etter det eg har fått opplyst så var vedkomande som skreiv under avtala tilsett i Asko før blekket var tørt. Burde ikkje dette vore etterforska?

Takk til eigarens representant som ikkje støtta dei som har valt han i denne kampen. Dette må få konsekvensar ved første val.

Annonse

Etter at Nortura i sin stormannsgalskap overtok Prior har dei andre produksjonane blitt verdsett etter tonnasje. Da er det lett å sjå at sauen kjem ut med kr null.

Samvirke vart i si tid oppretta for at bøndene ikkje måtte stå med lua i handa for å få seld sine produkt, og for å få mest mogleg for slaktet. Nå har Nortura gitt oss luva tilbake. Sjøl om Nortura er dei som betaler minst for slakta, er det dei som gjer det desidert dårlegast i alle ledd. Det er nesten så ein kan lure på om Nortura tener mest på å legge slaktet på reguleringslager.

At Nortura til dei grader går den blå regjeringa sitt ærend med å øydelegge distrikta er heilt forkasteleg.

Nortura må snarast mogleg slutte å reklamere for Gilde-produkt og glade bønder, da dei er berre triste og sinte.

Eg vil nå ha tilbakebetalt alle pengane eg har til gode i Nortura omgåande, og oppfordrar alle som har pengar til gode å gjera det same.

Gilde-produkt kjem ikkje inn døra mi så sant eg kan unngå det.

PS: Les Åsmund Haga si bok om avviklingsbonden og hans representantar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Prisen på storfe tar kraftig innpå prisen på lam