Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svaret er nei til EU. Kva var spørsmålet?

Nei til EU sin klimarapport inneheld ei rekke feil.

Slår attende: Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn meiner Nei til EU tek feil om om EU sin klimapolitikk og konsekvensar for Noreg. Foto: Berit Roald / NTB
Slår attende: Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn meiner Nei til EU tek feil om om EU sin klimapolitikk og konsekvensar for Noreg. Foto: Berit Roald / NTB

Nei til EU har nyleg lansert rapporten "EUs klimapolitikk og konsekvensane den har for Norge". Rapporten hevdar at Noreg sitt klimasamarbeid med EU ikkje gir ein ambisiøs nok klimapolitikk.

Diverre inneheld rapporten ei rekke feil, både i skildringa av EUs klimapolitikk og korleis Noreg blir påverka av denne.

Som vanleg synest det som Nei til EU har starta med konklusjonen (som ligg i organisasjonsføremålet), og tilpassa fakta deretter. Det er skuffande for alle som ønskjer ein heiderleg debatt om både klimapolitikk og Noreg sitt forhold til EU.

For å ta det enkle først; Noreg fører ein ambisiøs klimapolitikk. Det gjer også EU. Difor har vi valt å inngå ein forpliktande klimaavtale slik at vi kan samarbeide om å nå klimamåla våre.

Rapporten hevdar at samarbeidet med EU øydelegg Noreg si moglegheit til å føre ein meir ambisiøs klimapolitikk. Alle landa som deltek i EU-samarbeidet må medverke til å kutte utslepp, men det er ingenting til hinder for at ambisiøse medlemsland eller Noreg gjer meir enn EU-regelverket krev.

Annonse

Sagt på ein enkel måte: EU-samarbeidet tvinger alle deltakarland til å kutte i klimagassutsleppa sine. Men kvart enkelt land står sjølvsagt fritt til å gjere endå meir. Eg ønsker å gi nokre døme på dette.

I februar forsterka Noreg, som det tredje landet i verda, vårt klimamål under Parisavtalen. Innan 2030 vil vi minst halvere utsleppa, samanlikna med nivået i 1990. Dette gjorde vi uavhengig av EU. Vi håpar sjølvsagt at EU også vil forsterke sitt klimamål for 2030 tilsvarande, og nyleg foreslo Europakommisjonen nettopp det. Som verdas største marknad vil det ha stor betydning for klimagassutsleppa i verda, og vonleg legge press på store utsleppsnasjonar som Kina om også å styrke sine mål.

Gjennom samarbeidet med EU er Noreg forplikta til å kutte 40 prosent av utsleppa frå transport, bygg, avfall, jordbruk og enkelte utslepp frå industri og petroleum (dei ikkje-kvotepliktige utsleppa) innan 2030. Dette er utgangspunktet, men regjeringa har sagt at vi vil gå lenger. Vi vil kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent, og vi vil planlegge for at det skjer nasjonalt.

Rapporten hevdar vidare at EUs kvotesystem ikkje fører til utsleppskutt, verken i Noreg eller Europa. Kvotesystemet set eit felleseuropeisk tak på utsleppa. År for år vil talet på kvotar i marknaden verte gradvis redusert. Systemet samla skal levere 43 prosent lågare utslepp i 2030 og 85 prosent lågare i 2050. Etter 2050 vil det nesten ikkje vere kvotar igjen. Dette tvinger fram store utsleppsreduksjonar innanfor luftfart, industri og petroleum.

I 2019 gjekk til dømes utsleppa i kvotepliktig sektor i Europa samla sett ned med 8,7 prosent. Noreg si deltaking i kvotesystemet gir dei kvotepliktige verksemdene like konkurransevilkår med europeiske verksemder. Det er likevel ikkje slik at vi ikkje har ytterlegare verkemiddel for å stimulere til utsleppsreduksjonar frå dei kvotepliktige verksemdene.

Regjeringa støttar utvikling og spreiing av null- og lågutsleppsløysningar mellom anna gjennom Enova, og fleire av dei kvotepliktige bedriftene våre må også betale nasjonal CO2-avgift på toppen av kvoteprisen.

Samarbeid er heilt naudsynt om vi skal løyse klimakrisa. Samarbeidet vi har med EU gir tydelege rammer for klimapolitikken dei neste ti åra. Vi får eit konkret regelverk vi må fylgje, og vi risikerer straff om vi ikkje følgjer det opp. Det er likevel Noreg som sjølv bestemmer klimapolitikken, korleis vi skal nå måla og om vi ønsker å gjere meir.

Klimasamarbeid er med andre ord ein fordel for EU, for Noreg og for klimaet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sp spenner bein på løsningene