Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svar frå ein nyttig idiot

Ein kommentar til Jan Herstad sitt innlegg 3. august.

Kraftløfte er løfte: Sp sine nye veljarar legg mest vekt på straumstoda, meiner Aasmund Nordstoga. Foto: Siri Juell Rasmussen
Kraftløfte er løfte: Sp sine nye veljarar legg mest vekt på straumstoda, meiner Aasmund Nordstoga. Foto: Siri Juell Rasmussen

Når eg i mi sutring frå magasinkanten i Nationen den 30. juli, skreiv at grunnen til Sp-fallet er straum-og dieselkrisa, så var det ikkje berre sogi ut av Trygve Hegnars artikkel med same tema.

Eg, og mange med meg, opplevde at Senterpartiet tok til orde for reduserte dieselavgifter og nasjonal kontroll med mellom anna vasskrafta. Desse to sakene oppfattar eg som viktige distriktssaker som også gjev respons i meir urbane strøk.

Sjølvsagt kjempa Senterpartiet ein svært viktig valkamp med saker som forsvar, landbruk, offentlege tenester nær folk, og reversering av kommunereform og politireform . Desse sakene var, og er, svært viktige - for at Senterpartiet fekk 13 prosent av røystene ved stortingsvalet.

I desse sakene har Senterpartiet også levert!

Annonse

Men hovudpoenget mitt i kommentaren, var at for alle som ikkje er kjernevelgjarar til Sp, så var kanskje energipolitikken vel så viktig som distriktspolitikken?

Magasintøming, utanlandskabel og den veldige prisauken på all energi det seiste året - på Sp si vakt - har gjort at dei Sp-utspela som kom i valkampen, om dei var aldri så små eller aldri så få, har blitt forsterka og forstørra.

Eg møter stadig folk som har støtta Sp i heile sitt myndige liv, som no er veldig skuffa over partiet sitt. Særleg på grunn av energikrisa - urettvist eller ikkje. Dette er altså ikkje mine ord, men slik eg opplever stemninga blant folk. Då er kanskje ikkje analysen av fallet så ravgalen likevel, sjølv om det var Trygve Hegnar sin?

Det kan godt hende at eg var ein tosk og beit på agnet frå marknadsliberalisten i Finansavisen, men eg har i allfall ikkje skrivi "dag ut og veke inn om SPs brotne valløfter."

Men eg har lova å seia i frå dersom eg synest partiet mitt ikkje arbeider tydeleg nok med sakene sine, og det gjorde eg sist laurdag.

Neste artikkel

De uunnværlige lærerne