Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

SV må med i ein ny regjering

SV trengst i ei ny regjering for å få ein meir radikal økonomisk politikk med auka tempo i naudsynte forandringar av Noreg.

Må skjønne: Sp må skjønne at dei i SV har ein viktig alliansepartnar i EØS-saker, distriktspolitikk, sjukehuspolitikk, jordbrukspolitikk og fordelingspolitikk for å få ned geografiske og sosiale forskjellar, skriv innsendaren. Foto: Marit Hommedal / NTB
Må skjønne: Sp må skjønne at dei i SV har ein viktig alliansepartnar i EØS-saker, distriktspolitikk, sjukehuspolitikk, jordbrukspolitikk og fordelingspolitikk for å få ned geografiske og sosiale forskjellar, skriv innsendaren. Foto: Marit Hommedal / NTB

Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum står standhaftig på at han vil ha ei Ap og Sp-basert regjering utan SV, men SV er naudsynt for å få ei fleirtalsregjering. Både Sp og Ap har lovnader om auka satsing på distrikta, meir til helse og kommunar og auka støtte til jordbruket for å nemne noko av det viktigaste.

Desse lovnadane krev meir pengar over dei kommande statsbudsjetta, men vil ei Sp og Ap-basert regjering ha nok tempo i endringane for å unngå at høgresida kjem attende om fire år.

Både Ap og Sp er konservative i økonomisk politikk. Det tilseier relativt stramme statsbudsjett der det er ganske lite spelerom for vesentlege forandringar for betre velferd og mindre geografisk og sosiale forskjellar.

Annonse

Etter pandemien vil sannsynlegvis regjeringa Solberg leggje fram sitt strammaste budsjettforslag før den går av. Ein vil foreslå å bruke mindre enn handlingsregelen for bruk av oljepengar på 3 prosent. Kanskje berre 2,7 eller 2,8 prosent av oljefondet som no er så stort at forskjellen utgjer mange milliardar kroner.

I tillegg vil ikkje Sp auke skattane og Ap er svært forsiktig med ein liten auke i formuesskatten som skal skaffe skarve 7 milliardar kroner. Når auka pensjon og auka trygder har fått sitt vert dermed handlingsrommet i statsbudsjetta ikkje så stor.

SV trengst difor i ei ny regjering for å få ein meir radikal økonomisk politikk med auka tempo i naudsynte forandringar av Noreg. SV kan ha vilje til å bruke handlingsregelen fullt ut og har også vilje til å auke skattane meir for å redusere ulikheitene og betre velferdsstaten i kommunar, sjukehus og for ei naudsynt opptrapping av bondeinntektene over fire år.

Sp må skjønne at dei i SV har ein viktig alliansepartnar i EØS-saker, distriktspolitikk, sjukehuspolitikk, jordbrukspolitikk og fordelingspolitikk for å få ned geografiske og sosiale forskjellar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Utfall av mobil- og nødnett ved ekstremvær - hva må gjøres?