Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sutrete kjøtt- og mjølkebransje

For konkurrentane til Tine og Nortura vil alltid avkastninga til eigarane trumfe eit landbruk over heile landet.

Vil de politikarar halde fram med å betale for å sikre konkurranse, so gjerne for meg, men då får de hente pengane direkte frå statsbudsjettet, skriv Anders Felde. Foto: Svein Heggheim
Vil de politikarar halde fram med å betale for å sikre konkurranse, so gjerne for meg, men då får de hente pengane direkte frå statsbudsjettet, skriv Anders Felde. Foto: Svein Heggheim

Eg har eigentleg vore imponert over Nordfjord Kjøtt som skapar 3-400 arbeidsplassar i Loen i gamle Sogn og Fjordane. Eg har vore imponert over Fatland som har skapt eit milliardkonsern basert på foredling av kjøtt. Til og med Q-Meieriene og Synnøve Finden har imponert med nyskaping og auka marknadsdelar. Mjølkesektoren hadde ikkje vore den same i dag utan den konkurransen Tine hadde fått.

Kjøtt og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) bommar totalt med sitt fokus på å få gjennom dobbel mottaksplikt på kjøtt. Mottaksplikta er eit tryggleiksnett for at bonden skal få levert vara si. Dette er avgjerande for store deler av bøndene kring om i landet kvar dag. Mottaksplikt er ikkje eit instrument for å redusere risiko for kjøttindustrien. Det er openbart at dette vil legge til rette for ein ukontrollerbar overproduksjon, og redusere risikoen hos KLF-bedriftene, i sin kamp om auka tilførslar av slakt.

Det er avgjerande for at vi skal sikre marknadsreguleringa slik vi kjenner den at Nortura, som marknadsregulator, minst opprettheld sine tilførslar som i dag. Lågare tilførslar og eit svakare Nortura svekkar ikkje berre distriktslandbruket, det vil kunne legge råvareprisen i hendene på KLF- bedriftene. Dette er so openbart at regjeringa må seie nei til forslaget om dobbel mottaksplikt.

Annonse

Gjennom prisutjamningsordninga (PU-ordninga) brukar ein no 182 millionar kroner til konkurransefremmande tiltak for å sikre at ein har konkurranse i meierisektoren. Ei PU-ordning som skal sikre lik råvarepris uansett kva mjølka blir nytta til. Ei PU-ordning som skal sikre transport av mjølk frå bonde til meieri og soleis er avgjerande for distriktslandbruket. Importen aukar for kvart år. Vi importerer ost og andre mjølkeprodukt tilsvarande kring 300 millionar liter mjølk.

Den norske mjølka tapar allereie i dag i konkurransen med import, og har rett og slett ikkje råd å betale pengar til fond og investorar som har nok pengar frå før.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Likevel skal vi betale ut konkurransefremmande tilskot til både Synnøve Finden og Q-Meieriene som samtidig importerer blant anna både gresk youghurt og sjokolademjølk (Konge). 182 millionar som vi kunne brukt til å gjere norsk ost meir konkurransedyktig i butikk, eller som kunne gjort konsummjølka rimelegare for forbrukar. Vil de politikarar halde fram med å betale for å sikre konkurranse, so gjerne for meg, men då får de hente pengane direkte frå statsbudsjettet og støtta må vere tidsavgrensa for kvart enkelt selskap. Den norske mjølka tapar allereie i dag i konkurransen med import, og har rett og slett ikkje råd å betale pengar til fond og investorar som har nok pengar frå før!

Les svarinnlegg frå styreleiar Aksel Mjøs i Kavlifondet, som eig Q-Meieriene:

Landbruk over heile landet er framleis ein realitet. Sjølv om vi opplever både regional og nasjonal sentralisering av matproduksjonen. Ein spreidd matproduksjon med relativ låg dyretettleik og flinke bønder plasserer norsk matproduksjon i eliteklassa når det gjeld medisinbruk. I store deler av distriktslandbruket er det ikkje konkurranse verken om mjølk, kjøt eller egg. Det er berre samvirkebedriftene Tine og Nortura som møter opp. Dei andre skummar fløyta i stort sett sentrale strøk. Dette ser også konkurrentane til Tine og Nortura, men for dei vil alltid avkastninga til eigarane trumfe eit landbruk over heile landet. Eg forventar at både regjering og Storting faktisk prioriterer eit landbruk over heile landet. Det er dette desse viktige sakene eigentleg handlar om.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fjøskrakken var innsatsfaktor