Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Suksess i forvrenging av realitetane

Eg går ut frå at statsråd Sveinung Rotevatn skjønar at han har spora av i kritikken mot Hedmark Bondelag.

Får kritikk: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Får kritikk: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) har i Nationen 26. mai 2020 ein forsimpla korreks til Hedmark Bondelag og skuldar Bondelaget for at dei tek feil i vurderingane av ulveskadar, og endringar av sauetal i ulvesonar.

Han meiner, slik han skriv, at sauene i ulvesona aukar i tal, og at ulven er uskuldig i dei store tapa, og nedgangen i talet på sauebruk. Alle sauebøndene som har gitt opp strevet med ulv i beitelandet og tapa som tok bort innkome og mogleg framsteg i kvalitet i kjøt og ull.

Annonse

Kvar ulv som er henta inn av jakt etter angrep kostar svært mykje, og sjølv om saueeigarane må bæra dei store tapa så er ulveangrepet til uboteleg skade. Desse realitetane tek all trivnad med å driva ein produksjon under utvikling til glede for oss alle i eit velordna samfunn.

Det er no kome fram at det trengst 100 tonn meir ull av norsk kvalitet til produksjon i Noreg. Kjøt er eit godt matemne som mettar mang ein svolten munn. Då kan ikkje dyra i utmarka ligga til rovdyrmat.

Eg går ut frå at statsråden skjønar at han har spora av i kritikken mot Hedmark Bondelag. Han bør retta dette opp att med forståing og samarbeid med landbruksnæringa, som har ei sterk evna til verdifull produksjon som me alle kan nyta vel.

I framstillinga om at sau og beitedyr i ulvesona har auka kjennest som ein teori utan realistisk innhald. Dei som opplevde rovdyrtrykket fortel noko heilt anna enn det som rovdyrvernarar og folk frå WWF prøver å få folket til å tru.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Mangelen på empati fra Bollestad