Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Straumprisen – ei utfordring for regjeringa

Regjeringa har skulda for den høge straumprisen, difor vert noko av dei første utfordringane å bøte på dette skadeverket.

Høyspentledning i Lillomarka i Nittedal. Foto: Paul Kleiven / NTB
Høyspentledning i Lillomarka i Nittedal. Foto: Paul Kleiven / NTB

Når ein les at på Austlandet er straumprisen over kroner 1,60 per kwh, kan ein frykte endå høgare pris seinare i vinter. Det er staten med sin eigardel, som er den største straumleverandør og som bestemmer prisen. I tillegg tek staten ei el-avgift på 16,69 øre for kvar kwh ein brukar

Det har stått politisk strid om overføringskablar til utlandet. Dei er bygd og slik eg forstår det er dette gjort for å selje overskotsstraum til kontinentet, der det er høgare pris på el-kraft enn i Norge.

Dei same overføringslinjene gjer det mogleg å kjøpe tilbake straum frå kontinentet om vi skulle trenge det. Det er no ein slik situasjon som gjer at prisen vert så høg på Austlandet.

Ein kan difor registrere at når vi kjøper tilbake straum må vi betale den prisen som gjeld frå det landet vi kjøper frå og då vert det dyrt. Dette er marknadsøkonomi på sitt verste etter velkjent Blårussteori, der hushaldningar og næringsliv må betale leiken.

EØS-avtala vår og tilhøyrande EU-direktiv bind oss på hender og føter og gjer det vanskeleg å drive sin eigen energipolitikk for vasskrafta vår. Difor er ikkje EØS-avtalen noko vi kan basere framtida vår på når det gjeld å bestemme vår eigen straumpris innanlands.

Annonse

Det er urimeleg at hushaldsstraumen som skal svi for denne tåpelege prisauken straumen har fått etter å ha vore utanfor våre landegrenser. Som om ikkje dette er nok tek staten el-avgifta på toppen

Nord for Dovre og i resten av landet har ein ikkje den same høge straumprisen då ein ikkje har overføringsliner, som gjev eit unaturleg påslag og som gjev høgare straumpeis.

Eg kan slutte meg til intensjonen som er bra. At ein sjølv skal kunne finne og kjøpe billegaste straum over heile landet er eit nytt lite overtenkt ”blårussprinsipp”, medan fastavgifta må ein betale til det lokale selskapet.

Dette har skapt bry for straumkundane som om dei gjer dette vil få to rekningar i staden for ei. I tillegg vert ein plaga av dei mange nye salgsfirma som konkurrerer om straumkundane, som vert lurt av meir og mindre seriøse garantiar og pristilbod.

Energilova treng ein snarleg revisjon og eg har i dette innlegget peika på nokre av dei økonomiske børene som regjeringa har lagt på privat straumforbruk og på næringslivet.

Energilova skaper inntekter for staten både på innpust og utpust og marknadsgildet er det hushaldningar og lokalt næringsliv utan fastavtale som må svi for. Dette angår folk flest og skulle slik vere eit av dei prioriterte satsingsområde for den nye regjeringa?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Landbrukets klimaregning