Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Støtt dei tospråklege riksavisene

Dei tospråklege riksavisene er heilt avgjerande for at nynorsk skal vere eit mediespråk for heile Noreg.

Både Nationen, Klassekampen og Vårt Land er døme på aviser som driv dagleg språkopplæring i ålmenta, skriv Magne Aasbrenn i Noregs Mållag. Foto: Ketil Blom Hagustulen
Både Nationen, Klassekampen og Vårt Land er døme på aviser som driv dagleg språkopplæring i ålmenta, skriv Magne Aasbrenn i Noregs Mållag. Foto: Ketil Blom Hagustulen

Når regjeringa no både truar med å ta frå dei delar av mediestøtta og kutte postomberinga til tre dagar, er situasjonen dramatisk for desse avisene.

Nationen, Klassekampen, Vårt Land, Dagen og Fiskeribladet er heilt særeigne aviser i Noreg. Kvar dag produserer dei god nynorskjournalistikk og har abonnentar i heile vårt langstrakte land.

Annonse

Granavoll-erklæringa seier at regjeringa vil sikre gode bruksvilkår for «de to likestilte målformene i norsk», og i intervju har kulturministeren opna for at nynorsk kan bli eitt av fleire styringsmål departementet vil setje for den nye mediestøtta. Den redaksjonelle språklege linja i dei riksdekkande meiningsberande avisene svarer på desse krava, og ei slik støtte bør rettast inn mot dei. I innstillinga til Kulturmeldinga skriv fleirtalet i Familie- og kulturkomiteen at det er viktig med målretta tiltak for nynorsk og nynorskbrukarane, som er i mindretal.

Å gje ekstra støtte til nynorskskrivande, riksdekkande dagsaviser i ei omstillingstid bør vere nett eit slikt målretta tiltak. Både Nationen, Klassekampen og Vårt Land er døme på aviser som driv dagleg språkopplæring i ålmenta. Avisspråket formar skriftspråket vårt og skaper ideal både for formell og uformell kommunikasjon.

Det er gledeleg at mediemeldinga tek på alvor kor viktig den norske lokalpressa er for eit levande demokrati, og vil auke støtta til lokalavisene. Men framlegget om at lokalavisene skal styrkast på kostnad av dei svært viktige meiningsberande avisene, er dårleg språkpolitikk.

Det er klart flest aviser på bokmål, og derfor har det mykje å seie for nynorsken som riksspråk at han er i synleg, dagleg bruk i aviser som dekker heile landet. Vi snakkar her om publikasjonar som til liks med NRK reelt vender seg til alle i Noreg fordi dei gjev gode vilkår til begge skriftspråka.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kanskje kjem kongen!