Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stortinget har svekka matforsyninga

Auka matforsyning og matproduksjon i heile landet er berre honnørord.

Jordvern: Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvern: Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Auka sjølvforsyning og jordbruk i heile landet er sjølve honnørorda når politikarar skal snakke om visjonane for norsk jordbruk. Dette har blitt endå viktigare etter at vi såg at eit virus kan stenge alle grenser, og det kan oppstå situasjonar der ein må kunne produsere sin eigen mat.

Forbrukarane, det vil seie innbyggarane i landet, har også fått opp augene for verdien av norsk mat. Kjøper ein ikkje norsk mat i kvardagen, er det ikkje sikkert det er mat å få den dagen ein verkeleg treng det.

Det kan bli utfordrande for eit land med 3 prosent dyrka mark.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil styrke kornøkonomien slik at vi får kornproduksjon i dei områda som egnar seg til det. Dette er viktig for auka sjølvforsyning. Då er det også viktig at vi har beredskapslager for korn. Dette vart handsama av Stortinget i vår. Regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre stemde imot, og fekk støtte frå Frp.

Matjorda er viktig. I juni vart det handsama to saker i stortinget som har innverknad på kor mykje matjord vi kan ha i framtida.

Forbodet mot nydyrking av myr vart vedteke. Dette vert sett på som eit klimatiltak. Fleire forskarar i Nibio, særleg på Vestlandet og i Nord-Norge, meiner det er faglege grunnar for at eit generelt forbod mot dyrking av myr må nyanserast og erstattast av formuleringar om kva kategori myr som kan dyrkast og korleis. Forbodet, slik det vart vedteke, rammar berre jordbruket. Andre sektorar kan bygge ned myr som tidlegare.

Annonse

Styrka jordvernmål har også vore oppe til handsaming i Stortinget. Regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre gjekk inn for å utsetje saka, og fekk støtte frå Frp. Dei er fornøgde med at ein har klart å redusere nedbygging av matjord til målet som er 4000 dekar.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner at ei nedbygging på 4000 daa pr år når det samla arealet er ti millionar, er dramatisk. Samstundes ser vi at mykje av jorda som blir nedbygd ligg i dei beste klimaområda. Skal ein omdisponere jord, bør det vere den dårlegaste matjorda. Vi ser no at det er planer om travbane på matjord i Trøndelag, og veg gjennom blomkålåker i Lier. Samsvarer dette med visjonane regjeringa har om auka sjølvforsyning?

Vi ser også at nedbygginga av dyrkbar mark går opp. Dyrkbar mark er mark som er mogeleg å bruke til matproduksjon, men ikkje er i drift i dag. Nedbygging av denne typen jord er ikkje regulert på same måte som dyrka mark. Denne utviklinga, saman med forbod mot nydyrking av myr, gjer at vi øydelegg moglegheitene for å auke arealet for matproduksjon i framtida.

I juni har med andre ord regjeringa, med støtte frå Frp, fått gjennom tre vedtak som svekkar norsk matforsyning, og som er med og fjernar grunnlaget for matproduksjon for enkeltbønder. Skal vi høyre på det dei seier om jordbruk i heile landet og auka sjølvforsyning, eller skal vi sjå på det dei gjer?

Vi meiner noko av det viktigaste vi kan gjere her i landet, er å ta vare på jorda vår for å produsere mat på ein bærekraftig måte. Vi må stimulere til korndyrking der det er forhold for det, vi må dyrke grønsaker der det er forhold, og vi må ha kjøtproduksjon der det er gras- og beiteområde.

Dette meiner vi ein kan stimulere til gjennom å innføre eit arealtilskot på teignivå. Vi vil fordele tilskot etter nye kriterium. Tankane bak soneinndelingane er gode, men det handsamar store område likt utan å fange opp lokale variasjonar. Ny teknologi gjer at vi kan ta i bruk meir finmaska system som tek omsyn til klima og jordsmonn, som premierer drift av mindre teigar og bratt areal. Slik kan ein også fange opp dyrkingsmogelegheiter heilt ned på gards- og teignivå.

Det er viktig at ein finn måtar som aukar arealutnyttinga i landet, og kan vere med å stimulere til at meir tungdrive areal vert teke i bruk att. Vi må gjere ting som aukar bruk av jord og produksjon av mat, ikkje berre snakke om det i festtaler.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi skal styre norsk jernbane – ikke EU