Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stopp galskapen i Moss!

Så har det skjedd igjen. Atter ein gong varslar Bane Nor forseinkingar og budsjettsprekkar i milliardklassen for nytt dobbeltspor Sandbukta – Moss – Såstad.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Byggjearbeidet er visst meir krevjande enn ein trudde tidlegare. Hovudproblemet er likevel ikkje forholda i undergrunnen, men Bane Nor sitt forhold til sanning.

Gong på gong har ein framstilt prosjektet som vanskeleg, men overkomeleg. I orienteringa om grunnforholda for Teknisk Utvalg i Moss kommune 2.2.2017 hevda ein til dømes: "Det er prosjektert løsninger som er robuste og som sikrer både områdestabiliteten og lokalstabilitet ved de ulike tiltakene."

Var det riktig? Det einaste ein kunne ha skrive med dekning i faktiske forhold, var at ein hadde skissert nokre tiltak som ein håpa ville tryggje stabiliteten i området, men der ingen visste om dei ville fungere og vere tilstrekkelege.

Og stort meir veit ikkje Bane Nor i dag heller. Om prosjektet nokon gong vil kunne bli fullført, og kva det i så fall ville koste, er heilt i det blå. Bane Nor har inngått kontrakt med ein entreprenør som får betalt for tida det tek og materialet som trengst. Forholda er så uoversiktlege og byggjearbeidet så risikofylt at ingen ville tilby ein fast pris.

Annonse

Det reiser spørsmålet om Moss kommune ville ha akseptert planen til Bane Nor visst ein heilt frå byrjinga av hadde fått sannferdig informasjon. Ville ein ikkje i det minste ha etterlyst andre traséalternativ enn dei Bane Nor hadde lagt fram, og som alle saman gjekk via det mest kritiske området på Værla?

Ville Stortinget ha gjeve grønt lys for prosjektet i desember 2017 om ein visste at forsikringar frå Bane Nor på denne tida om eit "endelig" budsjett var like pålitelege som ein kommersiell reklame?

Det er no på tide at samferdsleministeren, som òg er generalforsamlinga i Bane Nor, gjer jobben sin og stoggar prosjektet. Og så må ein rette opp tidlegare brot på plan- og bygningslova og la andre enn Bane Nor undersøkje alle dei alternativa som Bane Nor ignorerte. Ein bør ikkje sjå bort frå at det vil kunne gje eit langt betre togtilbod til ein brøkdel av kostnadene, for å seie det varsamt.

Alternativet er å la Bane Nor ture fram som vanleg, til dei bli henta inn av realitetane.

Ein får inderleg håpe at det ikkje først vil skje når anleggsarbeidarar blir drepne av flytande massar som pressar seg under spuntveggane og opp i byggjegropa. Eller når titals bustadhus på nedsida av Fjordveien går med i eit lausmasseskred.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ap og Sp må satse på fylkesveiene