Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Språkåret 2019

Nynorsk, dialekt og samefolkets språk er alle viktige å hegne om.

Urfolka sitt språk i skrift og tale er under stadig press frå storsamfunna rundt om i verda, skriv lesarbrevforfattaren. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix

2019 er det internasjonale året for språk, utpeika av FN. Det er serleg med tanke på at minoritetsspråka i verda ikkje må bli neglisjert, utvatna og forsvinne, men i staden må få anerkjenning og bli bruka, at FN vil setje fokus på språket i dette året.

Språk både i skrift og tale har med menneska sin identitet og kultur å gjere. Blir språket borte, forsvinn også menneska si sjølvkjensle og kulturforankring.

Annonse

Urfolka sitt språk i skrift og tale er under stadig press frå storsamfunna rundt om i verda. Digitaliseringsbølgja og sosiale media, i hovudsak med rot i engelsk og «velferdsstatane» sin språkbruk, er noko av årsaka til dette. Sentraliseringa og urbaniseringa, som gjer at kløfta mellom dei urbane og rurale verdiane aukar, i urbanismens favør, er og eit trugsmål mot minoritetsspråka.

I vårt eige land er samefolkets språk viktig å hegne om, fordi det er dette urfolkets si stoltheit og forankring til eigen kultur, levemåte og rettar, som gjev dei kjensle av å bli anerkjent i nasjonen dei er ein del av.

På same vis må ein tru at språkåret vil vera ei bevisstgjering av dialektane og det nynorske skriftspråket sin rettmessige plass i landet vårt. Ei vedkjenning av at nynorsken har si rot i distrikta sitt talemål, og at riksmålet er ein omvandla levning frå dansketida er viktig.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tid for å rydde opp i svineriet