Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp ynskjer ikkje auka kjøtt- og matproduksjon

I fylkestinget i Møre og Romsdal 12. oktober beviste Senterpartiet enda ein gong at dei ikkje støttar landbruksnæringa i Møre og Romsdal.

Vi i Frp kjem til å kjempe imot dette klima- og miljøhysteriet her i fylket, skriv Frank Sve. Foto: Siri Juell Rasmussen
Vi i Frp kjem til å kjempe imot dette klima- og miljøhysteriet her i fylket, skriv Frank Sve. Foto: Siri Juell Rasmussen

I saka angåande fylkesplanen stemte heile Sp imot følgjande framlegg til tekstdel i fylkesplanen:

Sitat:

«Fleire beitedyr samt styrka landbruksnæring med auka kjøttproduksjon er viktige tiltak for å styrke matberedskapen her i fylket. Feilaktig fokus på klima og miljø, med fokus på klimagassutslepp med målet om såkalla «Klimanøytralt fylke innan 10 år», trugar vår svært viktige landbruksnæring i Møre og Romsdal.

Kua er ikkje eit miljøproblem, men heilt nødvendig for folk flest sin eksistens. Klimakur med fokus på mindre kjøttproduksjon, som fylket har vedteke, er kortslutning i ein framtidsretta beredskapstenking.

Derfor trenger Møre og Romsdal auka kjøtt og matproduksjon, ikkje mindre»

Sitat slutt.

Senterpartiets Kristin Sørheim og Marit Krogsæter kan skrive til krampa tek dei, men gong etter gong beviser desse to Sp-politikarane at dei er langt over i MDG eller enda lengre ute på den raudgrøne kålåkeren.

Annonse

Frp meiner det er ei svært alvorleg utvikling der det meste innan fylkeskommunal planlegging, kun skal dreie seg om å gjere moglegheita til næringsutvikling og landbruk, omtrent umogleg på grunn av ei nei haldning som fører til motsegn, med grunnlag i aldeles grenselause klima og miljøkrav.

Døme på dette er kravet om 100 prosent klimanøytralt fylke, ein arealbruk som avgrensar behovet for transport og kravet om bortimot null landskapsinngrep.

I landets største mat- og eksportfylke er både eit effektivt samferdselssystem og godt tilrettelagde næringsareal, samt ei aktiv landbruksnæring, heilt avgjerande for både busetnad og utvikling av næringsfylket med nye arbeidsplassar.

Mange har registrert at det har blitt ein kraftig auke av motsegn og negativitet frå både fylket og fylkesmannen.

Det er snart ikkje råd for landbruksnæringa å byggje ein skogsveg eller for næringslivet å flytte ein stein for å kunne etablere industriareal eller byggje vegar til bustadar og hytteområde.

Fylkesplanen sin tekstdel er også spesielt fiendtleg for landbruksnæringa, og dette blir no grundige bevist av Sp i Møre Og Romsdal, som gong etter gong bevist motarbeider næringa så klart.

Vi i Frp kjem til å kjempe imot dette klima- og miljøhysteriet her i fylket, og ikkje la næring- og industrifylket Møre og Romsdal bli «miljøtorpedert» av Sp og MDG.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Senterpartiets symbolpolitikk for distriktene