Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp, Vedum og populismen

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum påstår hardnakka at han ikkje driv med populisme i kampen for Finnmark fylke.

Trygve Slagsvold Vedum, leder i Senterpartiet. Foto: Siri Juell Rasmussen.
Trygve Slagsvold Vedum, leder i Senterpartiet. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Likevel er det i grunnen akkurat det han gjer, når han stiller sin eigen politikk opp mot elitestyret. Populisme er jo eigentleg det motsette av elitestyre.

Annonse

Det fanst ei tid på 1970-talet då SP identifiserte seg positivt med populisme. Populismen var den folkelege motvekta til dei store partia sin tendens til å forma politikk i lukka rom.

Dette var før Frp hadde skjemt ut populisme-omgrepet. Frp er populistiske på den måten at dei kan skifta standpunkt frå ein dag til den neste, sjølv i prinsipielt viktige spørsmål, alt etter kva veljargrupper dei til ei kvar tid vil tekkjast.

Populisme i denne tydinga av ordet tyder mangel på politisk substans. Noko anna er det å spela på lag med folkeleg misnøye i saker som ein i alle fall står inne for, slik Slagsvold Vedum gjer.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Eierskap, sysselsetting og utviklingen av Norge