Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp utan klimatruverde på Namsosbanen

Medan regjeringa satser på bane, vil Senterpartiet i Overhalla legge ned ei jernbanestrekning.

Avsporing: Senterpartiet i Overhalla vil legge ned ei jernbanestrekning. Foto: Mariann Tvete

Dei aksjonane som det lokale Senterpartiet i Overhalla har drive for å få til ei offisiell nedlegging av Namsosbanen er vel det som har skapt eit opprør frå både Senterungdommen og tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga.

Dei ser at Senterpartiet er i ferd med å ende som Frp når det gjeld å bli tatt for ein useriøs klimapolitikk, når lokalparti sett seg i bresjen for å legge ned ein jernbanestrekning, som går gjennom bygda.

Og no er partiet i ferd med å få opp «sitt klimaforslag» på landsmøtet til helga, der det under punkt 6 står: «Sørge for et bedre togtilbud lokalt og regionalt og som bidrar til å knytte regionene sammen».

Annonse

Og under punkt 7 står det: «Bygge flere kryssingsspor og oppgradere terminaler for å få mer gods fra vei til jernbane». Men i sjølvaste Sp-land der partiet har over det halve av representantane i kommunestyret, ser det ut til at det partiet legg fram ikkje skal etterkomast. Det er jo ikkje så rart at dette held på å bli ein svært «varm potet» for partiet, der partiet sin klimapolitikk no er under sterk kritikk, for landbruk handlar jo svært så mykje om det veret og klimaendringane som vil framtida vil gi oss.

Når dagens regjering i allefall på papiret har vald å overoppfylle klimaavtalen til 45 prosent reduksjon i 2029 i høve til utgangspunktet, er Senterpartiet i ferd med å skaffe seg eit problem med sitt truverde. Senterpartiet kan bli gjort til latter reint politisk pga. sitt nedleggingsforslag av Namsosbanen. For dette er så umusikalsk som det kan bli reint politisk, når det i Aftenposten blir opplyst at for godstransporten, så skal jernbanen ha ein andel på 66 prosent av den landbaserte transportmengda i 2029.

Det betyr ein kraftig omprioritering frå veg til bane. Formannskapet i Grong kommune har sagt nei til ei nedlegging, medan det er Overhalla som pressar på for ei nedlegging av omsyn å få frigjort eit område for yttarlegare ekspansjon på industriområdet på Skogmo.

Når dagens regjering har ei målsetting om å overoppfylle klimaavtalen, er det sjølvsagt at det er pga. vår rolle som oljenasjon. Og industrien på Skogmo vil vel ha eit langt større problem med å overleve på lang sikt utan å ha ei framtidig klimamessig riktig transportløysing.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Konsesjon er ei samfunnskontrakt