Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp med ein effektiv stoppar for småkraft

Med eit effektivt grep forringar Sp eigedomsverdien til bøndene som kunne ha nytta areala til produksjon av kraft.

Der Senterpartiet snakkar om forbod og ikkje tenker heilt gjennomtenkt konsekvensen av sin politikk, vil Høgre snakke om den store verdiskapinga som ligg i småkraft, skriv innsendaren. llustrasjonsfoto: Småkraftforeninga
Der Senterpartiet snakkar om forbod og ikkje tenker heilt gjennomtenkt konsekvensen av sin politikk, vil Høgre snakke om den store verdiskapinga som ligg i småkraft, skriv innsendaren. llustrasjonsfoto: Småkraftforeninga

Norske bønder har til alle tider vore opptekne av å nytte dei ressursane gardsbruket har å by på. Er det flate jorder og opne landskap har eigedomen gode høve for jordbruk, er det brattlendt, kupert og med vatn som strøymer, kan produksjon av småkraft vera eit godt supplement til gardsbruk som ikkje har like gode vilkår for matproduksjon.

Men dei seinare åra har det til tider vore vanskeleg både å reise nok kapital til bygging av småkraft, men det har også til tider vore låg forteneste, noko som har gjort at enkelte småkraftverk ser det som aktuelt å selje kraftverka sine. Då er det ofte utanlandske oppkjøparar og fond som trer inn på eigarsida for å minimere risikoen til bonden.

Men Senterpartiet vil at alle nye småkraftverk skal få forbod mot å selje kraftverket til utanlandske investorar. Kva er eigentleg konsekvensen av det?

Dette er det ein oppnår med Senterpartiets framlegg:

* Ein set ein stoppar for fornybar vasskrafta som ikkje får norsk finansiering, det gjev mindre fornybar kraft i Norge. Sjølv om investorane er frå utlandet vil dette vera norsk straum som vert nytta i Noreg.

* Ein set ein stoppar for distriktsutvikling og grøne arbeidsplassar.

* Ein syter for at kommunar og lokalsamfunn går glipp av skatteinntekter og lokale arbeidsplassar.

Annonse

* Ein fjernar arbeidsplassar til anleggsbransjen, og ein gjev eit dårlegare grunnlag for den industrien vi har bygd opp her i landet for innovative løysingar til småkraftindustrien.

* Med eit effektivt grep forringar ein eigedomsverdien til bøndene som kunne ha nytta areala til produksjon av kraft.

* Ein reduserer også verdien av småkraftverka som brått får langt færre kjøparar, noko som igjen kan føre til at det blir vanskeleg å reise kapital for å kunne drifte anlegga, og verdien bøndene får, vert kraftig redusert.

Småkraft står for 7 prosent av kraftproduksjonen her i landet, og har andre vilkår enn den regulerte krafta som offentlege kraftselskap står som eigarar av. For Høgre er det viktig å legge til rette for utvikling og verdiskaping i distrikta, og dersom det er utanlandsk kapital som ønskjer å investera i Noreg, er småkraft noko av det beste ein kan investere i.

Det gjev grunneigaren ein større verdi for ressursane han rår over. Dette er arbeidsplassar ein ikkje kan ta med seg og flytte til utlandet. Dette er kraft som blir produsert og brukt i Noreg, og grunnfestar Noreg som eit land med fornybar energi.

Det gjev kapitalinnsprøyting i distrikta og er med på å utvikle bærekraftige lokalsamfunn. Det gjev skatteinntekter og utvikling, og held oppe eit innovativt småkraftmiljø som er verdsleiande. Og til sist: Grunneigarane kan kjøpa tilbake driftselskapet etter at leigeperioden er over, og på denne måten blir det eit heimfall til grunneigedommen.

Der Senterpartiet snakkar om forbod og ikkje tenker heilt gjennomtenkt konsekvensen av sin politikk, vil Høgre snakke om den store verdiskapinga som ligg i småkraft. Vi ønsker verdiskapning, arbeidsplasser og energien velkommen, om bøndene ser seg tent med å legge til rette for dette.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvilken interesse representerer Hovland?