Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slutt med usannheiter, statsminister Støre

For ei stund sidan uttalte statsminister Jonas Gahr Støre at å gjera noko med straumeksporten ut av Norge, eller ta att styringa av kablane, var uaktuelt. Vi treng kablane for å importera straum når vi sjølve har for lite kraft, sa han. Dette er så feil at det heng ikkje på greip.

Eg har brukt å samanlikne kraftkrisa med ei tønne: Ingen greier å fylla ei diger tønne med vatn, dersom botnen er borte, srkiv Jon Aaning. Foto: Javad Parsa / NTB
Eg har brukt å samanlikne kraftkrisa med ei tønne: Ingen greier å fylla ei diger tønne med vatn, dersom botnen er borte, srkiv Jon Aaning. Foto: Javad Parsa / NTB

At Erna, Frp og co. ikkje ville ta styringsretten av kablane, er ikkje uventa frå den kanten, langt ifrå. Men at Ap skal fortsetja galskapen, for ikkje å seia at dei utviklar det til nye høgder, når dei vil sende landstraum ut i Nordsjøen for ikkje å forbrenne naturgass.

Dette er og blir Gale-Mattias! Om forureininga kjem med vestaveiret frå Nordsjøen, eller med sør-vesten frå Sentral-Europa (ein dag eller to seinare) er for meg, og vår Moder Jord, heilt klinkande likegyldig. Ein liten kvit-målingsflekk på den svarte oljen. Ikkje mykje igjen for å rasera fastlands-Noreg.

At politikarane har gjort norsk kraft (som tilhøyrer oss alle) om til ein handelsvare på krafbørsen er eit gedigent svik med det norske folk. Med ei ansvarleg styring og drift av kraftressursane, så treng vi ikkje import av kraft, og vi skal ikkje importera!

Vi vil tena litt mindre pengar, ja-vel, men folket vil få att sine norske prisar. (På den andre sida: Kva vil det kosta å rasera landet 100 prosent for kraftressursane?) Etter mitt syn er ikkje mindre pengar problemet. Det er den enorme rikdomen som vil øydelegga landet, og folket her. Dansen rundt "Gullkalven" går no så fort rundt, at folk ikkje har tid til å "leva".

Noverande leiing i Statkraft sit og styrer landets kraftressursar som si eiga pengemaskin, utan klare instruksar frå politikarane. Så for Statkraft var eksportkablane ei "gude-gåve", økonomisk. Det blir spennande å sjå kor store million-bonusar dei bevilgar kvarandre, ved årsskiftet? (Av våre sine pengar.)

Punkt 1. i ein instruks bør vera: At Statkraft leverer norsk kraft til landets forbrukarar, og til norske prisar. Og at om dei må kjøpa dyrare kraft sjølve må dei dekka eventuelt høgare innkjøpspris. Det vil få dei til å bli ansvarlege. Tek ikkje regjeringa her snarleg innstrammingsgrep, så kjem det til å gå rett gale med kraftleveringa utover vinteren.

Mange vil bygga overføringslinjer frå nord til sør. Det hjelper ikkje på problemet. Det tek fleire år å få ferdigstilt, og då kan vi ha "kriser" som er verre enn kraftkrisa?

Annonse

Men ein ting får de oppnådd, det lir europeisk prisnivå i heile landet og forbrukarane blir like fattige over heile Noreg.

Kommunar, krafteigarar og stortingsfolk ropar på meir kraftproduksjon. Det hjelper heller ikkje. Det tek endå lenger tid å realisera, og om ein då fekk ein god del, so det monna? Ja, så kjem det nok ein ny kabel, kanskje fleire, til Europa.

Så med alle desse tiltaka sit vi att med to ting, nemleg eit øydelagt og rasert land, og med like høge straumprisar. Eg har brukt å samanlikne kraftkrisa med ei tønne: Ingen greier å fylla ei diger tønne med vatn, dersom botnen er borte.

Kanskje har Ap òg ein annan agenda? La Noreg bli påtvunge Europa-prisar på kraft, så fell fordelen med rimeleg kraft vekk i ein eventuelt ny runde med å få Noreg inn i EU?

Liknande taktikk vart også brukt under den forrige EU-saka. Då var det Gro & co. (les Øyangen) som skulle svekka bøndene sin maktposisjon før EU-avstemminga. Det lukkast dei som kjent ikkje med.

Kraftutbygginga i Noreg er utforma med tanke på at eit år med mykje nedbør og fulle magasin skal vera meir enn nok kraft til eit tørrare og mindre nedbørsår. Men dette fungerer ikkje når Statkraft startar produksjon etter første regnskyll eller snøsmelting. Mange magasin får aldri tid til å bli fylte opp.

Nedtappa magasin hadde vi også på 90-talet, så eg stiller spørsmål med om statistikken gjennom dei siste 20 åra fortel den heile og fulle sanninga om fyllingsstatusen for magasina.

Eit lite "uhell" ved enkelte kablar vil senke prisnivået drastisk over natta. Då er støtteordningane overflødige – enkelt?

Neste artikkel

Erna Solbergs utrettelige kamp