Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skremslar frå EU-tilhengarane

Senterpartiet vil ikke seie opp EØS-avtala utan alternativ.

Statsminister Erna Solberg (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil ikke leite etter handlingsrom. Det vil Sp, skriv debattantane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Statsminister Erna Solberg (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil ikke leite etter handlingsrom. Det vil Sp, skriv debattantane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I medieoppslag dei siste dagane gjev både Ap og Høgre inntrykk av at Senterpartiet einsidig vil seie opp EØS-avtala og med det stå utan handelsavtale med dei viktigaste handelspartnarane våre. Dette er sjølvsagt ikkje riktig.

Senterpartiet har alltid stått opp for norske arbeidsplassar, og vil sjølvsagt sikre norsk fisk og andre viktige eksportvarer marknadstilgong i internasjonale marknader. Det vi ikkje ønskjer er ei avtale med EU-landa som i stadig større grad innfører nye direktiv frå Brussel. Direktiv som overstyrer norsk lovgjeving og som utfordrar arbeidslivspolitikken og styringa vår over naturressursane.

Dette er partia som er for norsk EU medlemskap lite villige til å diskutere. I staden teiknar desse partia eit skremselsbilde over kva som vil skje dersom Norge tek meir aktive grep for å utforske kva handlingsrom vi faktisk har avtalen i dag, når vi ser EU-direktiv som ikkje tener norske interesser, eller utfordrar sjølvråderett og viktige prinsipp kring spelereglane i arbeidslivet.

Annonse

"Desse partia teiknar eit skremselsbilde over kva som vil skje dersom Norge tek meir aktive grep for å utforske kva handlingsrom vi faktisk har."

Vi trur ikkje skremselsbilder tener debatten vi bør ha om landet sine handelsavtalar med landa rundt oss. Påstandane frå EU tilhengarane er som eit ekko frå EU-kampen, der dei same partia fortalde kor ille det kom til å gå om vi ikkje gjekk med i unionen.

Vi har over år, igjen og igjen, fått høyre særleg frå Høgre, at det ikkje er noko alternativ til EØS-avtalen. Storbritannia si utmelding har vist at det kan finnast andre tilknytningsformer til EU.

Det er enno tidleg for å seie noko om kor god avtale britane har fått med EU, men vi veit at den stadig sterkare sentralstyringa frå Brussel var ein viktig del av grunnen for at britane forlet unionen. Det bør vere eit tankekors for Høgre, med sitt mål om at Norge går inn i EU, at deira britiske partifeller har leia landet sitt ut av EU nettopp fordi dei vil ha kontroll over naturressursane sine og mindre fjernstyring frå EU.

Senterpartiet trur på desentralisering av makt, og tenester nær folk. Vi arbeider for nasjonal kontroll med naturressursane og eit arbeidsliv der måla om konkurranseutsetting er underordna målsetnader innan miljø og arbeidslivspolitikk. Og vi kjem til å vere den tydelegaste motstandaren til eit Høgre som arbeider for norsk medlemskap.

Neste artikkel

Færre EØS-skeptikere, men vi trenger ingen EU-utredning