Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skrantesjuke og kondisjon i villreinen på Hardangervidda

Betre kondisjon og høgt jakttrykk kan vera bra for å halda skrantesjuken nede.

Skrantesjuke: Det er uklart korleis skrantesjuka, som reinen kan bli smitta av, har kome til Noreg. Foto: Paul Kleiven / NTB
Skrantesjuke: Det er uklart korleis skrantesjuka, som reinen kan bli smitta av, har kome til Noreg. Foto: Paul Kleiven / NTB

I Nationen 23. september spør Tom Henning Karlsen m.fl. om kor skrantesjukesmitten i villrein er komen frå. Dei nemner import av høy frå USA og jord på sko.

Der kan vera fleire vegar: Mattilsynets vegleiar tilseier at det har vore lov å ta hundar til USA og heim att utan karantene? Fjellreven har fått fôr som kan innehalde beinmjøl av gris. Sikkert er det at sau og rein ikkje kan ha ført smitten frå USA.

Veterinærinstituttet vil no ha strakstiltak her på vidda og skriv: «på bakgrunn av historisk utveksling... vurderes det som sannsynlig at der er en epidemologisk sammeheng» med utbrotet i Nordfjella. Ser ein dermed bort frå andre smittevegar?

Ein veit at prionet kan passere tarmen til kråker og prærieulv og vera smittsamt. Kråke og ravn et åtslar og ravn kan flyge 16 mil på eit døgn. Om ein utelet alternative smittevegar frå reknestykke fører det til at sjansen for å lukkast med utrydding eller bestandsreduksjon vert overvurdert.

Annonse

I von om å hindre spreiing mellom anna til Setesdal vesthei vil Veterinærinstituttet ha færre enn 4000 simler og 600 vaksne bukkar på Hardangervidda. Men rein frå Setesdal trekker nok oftare nord til Hardangervidda og attende enn at dyr frå vidda trekker sørover.

Skal ein hindre trekket, må det gjerdast seks mil frå Haukeli til Røldal. Det er fullt mogeleg, men ravnen flyg og fotturistar trør med seg jord. Tiltak må rotast i røynda og kunna vera varige for å virke.

Miller m.fl. (2020) si undersøking av utviklinga i skratesjuke i hjort i Colorado frå 2002-2018 visar kanskje veg framover. Der jakttrykket minka auka smitten mykje. Der jakttrykket vart oppretthalde eller auka heldt smitten seg på eit stabilt nivå, eller minka.

Skal ein halda jakttrykket oppe over tid må dyra ikkje vera for få og dei må vera i god kondisjon. På Hardangervidda har dei vore i elendig kondisjon lenge. Slaktevekt for simlekalvar har vore 12-14 kilo i fleire tiår, det er raudt nivå etter Kvalitetsnorm for villrein. Veterinærundersøkinga i 2014-2016 fann høg førekomst av hjernemark som kan gjeva symptom som liknar på skrantesjuke.

GPS-merkinga av simler frå 2001 til 2020 har avdekt årsaka til elendet: Om sommaren stend seks til tolv tusen rein på eit snautt tusen kvadratkilometer stort område i Vinje. Konsentrasjonen av dyr har vore svært høg jamvel i år med låge dyretal. Dette kan umogeleg vera gunstig med tanke på smitte av skrantesjuke eller andre sjukdomar.

I ein ny fagfellevurdert artikkel er det ført prov for at det er trafikken på turstiane som i større eller mindre grad hindrar dyra i bruke større areal om sommaren. Skal me taka vare på reinen for framtida må nettverket av turisthytter og turstiar leggast om slik at dyra får attende meir gode sommarbeite der dei beite uforstyrra.

Røynsla frå Colorado tyder på at betre kondisjon og høgt jakttrykk kan vera bra for å halda skrantesjuken nede.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Forteljing frå ei anna verd