Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skognæringa og verneverdiane

Eg trur ikkje lenger at det er skognæringa som er mest kunnskapsfornektarar her, men det at han og det sentrale Naturvernforbund prøver seg på å sette mest mogleg av naturen i ein slag museumssituasjon.

Det er på tide at også Naturvernforbundet no tek til å endre kurs i høve til den forskinga som har skjedd, skriv Magne Rønning. Foto: Siri Juell Rasmussen
Det er på tide at også Naturvernforbundet no tek til å endre kurs i høve til den forskinga som har skjedd, skriv Magne Rønning. Foto: Siri Juell Rasmussen

Naturvernforbundets biolog Arnodd Håpnes er ut og kritiserer at «skogbruket framstår som kunnskapsfornektere». Som ein tidlegare fylkesleiar i NNV frå den tida som biologiske mangfald kom opp som eit viktig tema, så har det forundra det meg mange gonger, den form for krisemaksimering som han beskriv.

Les Håpnes sitt innlegg her:

For han er jo ikkje opptatt i det heile av andre kommersielle aktørar av naturen og artsmangfaldet enn skognæringa kan vere eit problem. Og det blir så feil, så dette er kva som er problemet hans, der han ikkje vil ha nokon form for dialog med næringa.

For påstanden hans er jo at «Det er ille at skognæringen hogger uten å vite hva som finnes der». Det dette viser er at han har berre ein politisk agenda, der berre «klassisk vern» er det einaste som det sentrale Naturvernforbundet ser ut til å godta. Ikkje prinsippa frå Rio-konvensjonen, der «berekraftig bruk», står mest sentralt, samt ei fordeling av berekraftig bruk gjennom ein aktivt In-situ bruk, samt Ex-situ tiltak fordi etterkvarts som tal menneske stig på jorda, så må det til stadig meir og meir Ex-situ bevaring for å berge det meste av artsmangfaldet.

Annonse

Eg trur ikkje lenger at det er skognæringa som er mest kunnskapsfornektarar her, men det at han og det sentrale Naturvernforbund prøver seg på å sette mest mogleg av naturen i ein slag museumssituasjon. Dette kan jo fungere visse stader på jorda, som i Redwood-skogane i USA, men veldig tvilsamt i Taigabeltet her i nord, der vinterstormar herjar og at skogen skal bli den nye grøne næringa for bringe ned CO2 utsleppa i verda.

Så han ser ut til berre å sjå seg blind på dei vedtekne prinsippa som vart til i striden som følge av det Brundtland-kommisjonen stod for, der vi ser at Rio-konvensjonen sine prinsipp i ein viss grad vart ignorert av både NNV og politikarane gjennom Lov om Biologisk mangfold, der dei som representerte tradisjonell bruk av naturen skulle få sine interesser trenert.

Det er jo dette som gjer at skogbruk og beitenæringar no slåst for at deira form for «berekraftig bruk» ikkje skal ignorerast. For Håpnes nemner jo aldri dei kommersielle interessene som finst hos gen-industrielle og farmasi-firma. Dermed så argumenterer han ikkje så redeleg, som han burde. For det første har jo vori «den store stygge ulven» i debatten i så måte, for den som engasjerte seg på 90 talet.

Ein har jo sett at trass i at det svenske skogbruket driv ut 80 % av tilveksten i skogen, så får det ikkje det fokuset på tap av artsmangfaldet frå det svenske skogbruket på grunn av dei har gått for WWF si form for skogsertifisering, medan det norske har gått for den Pan-europeiske skog-sertifiseringa.

Når det norske skogbruket står for berre 45 % i avverking av heile skogtilveksten, så skulle det vere ganske så logisk at langt meir av artsmangfaldet blir berga i det norske skogbruket enn i det svenske. Frå mi si tid som leiar i NNV i Nord-Trøndelag, så kan ein vise til brørne Rollstad si kartlegging i Overhalla, at 3 av 4 soppartar vart berga av at naturen vart brukt. Det same ser ein skjer som følge av Anna Blix si forsking på bruk av beite i regi av Sabima, ved at 685 artar var avhengig av bruk.

Det er på tide at også Naturvernforbundet no tek til å endre kurs i høve til den forskinga som har skjedd. Og med alt det negative fokuset som WWF har fått som følge av å skulle stå for årets innsamlingsaksjon mot plast, ser det ut til at no dei er i ferd med å endre kursen i samband med fokuset på det biologiske mangfaldet. For ikkje å hamne i den same skandalen som Naturvernforbundet hamna i, da det skulle stå for den nasjonal innsamlinga, der pengane skulle gå til fattige afrikanske land.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Norge går mot et betydelig kraftoverskudd