Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogbrukets miljøutfordringar

Som den mest artsrike naturtypa som finst med eit velfungerande økosystem, har skogen blitt utsett for økonomisk og næringsmessig utnytting nær sagt til alle tider.

Monokultur: Dagens flatehogstar fører til betydelege endringar i skogen som artsrik naturtype, der ofte tidlegare naturskog blir endra til artsfattige monokulturar når etter kvart ny skog veks til, skriv forfattaren av innlegget. Foto: Lars Johan Wiker
Monokultur: Dagens flatehogstar fører til betydelege endringar i skogen som artsrik naturtype, der ofte tidlegare naturskog blir endra til artsfattige monokulturar når etter kvart ny skog veks til, skriv forfattaren av innlegget. Foto: Lars Johan Wiker

Skogeigarforeiningane med sine fagfolk og funksjonærar hevdar at miljøet og naturmangfaldet blir godt nok ivaretatt med dagens retningsliner, regelverk og sertifiseringssystem ved uttak av tømmer.

Miljøorganisasjonane med sine talspersonar og fagfolk på det økologiske området hevdar at praksisen ved skogsdrift i høve til miljøet ikkje er god nok.

Men fyrst eit historisk bakteppe når det gjeld utnytting av skogen til ulike formål opp gjennom tidene for å få skogens betydning i eit perspektiv.

Som den mest artsrike naturtypa som finst med eit velfungerande økosystem, har skogen blitt utsett for økonomisk og næringsmessig utnytting nær sagt til alle tider.

Nokre døme: For å få trekol til drivstoff og oppvarming var kolbrenning ein utbreidd geskjeft med kolmiler i alle område der det var skog. I etterkrigstida bruka ein såkalla knott som drivstoff mellom anna på bilar som var ombygde til det.

Knott var korte oppkappa bitar av grannvokste lauvtre, helst gråor, som glødde og brant i drivstofftanken og ga energi. Stavar av grannvaksen gråor og svartor blei bruka til å røre i grytene med i jernverka.

I skogane nær svenskegrensa brende svensk-finnane av store barskogområde og sådde korn, helst rug, i oska. Mange av desse er dyrkingsjord den dag i dag, serleg på Finnskogen. Elles hogde ein også skog i alle deler av det skogkledde landet til nybrot og dyrking, der tilskot blei gjeve til såkalla bureisingsbruk i tida etter krigen.

Her  køyrespor. Foto: Privat
Her køyrespor. Foto: Privat

Men dei største inngrepa i skogen sto truleg gruvedrifta og jernverksdrifta for. Dei trong store mengder tømmer til verksemdene sine, gruvene til oppvarming av fjell som skulle sprengast, før dynamitten såg dagens ljos, og jernverka som fyr til smelteomnane. Store område rundt desse verksemdene blei avskoga, til dømes rundt Kongsberg sølvverk og Ulefoss jernverk, rundt Røros og Åmdals verk gruver.

I tillegg til alle desse menneskeskapte inngrepa og utnyttinga av skogstrea til ulike formål, herja skogbrannar store område forårsaka av lynnedslag utan å bli sløkte. Nokre av brannane kunne og ha si årsak i bål laga av menneske tilbake i tida og også i vår tid. Teikn på slike tidlegare brannar kan ein sjå på forkola tyristubbar av furu som står att.

Dagens utnytting av skogen, som fører med seg større og mindre inngrep i form av hogstflater der ein i hovudsak tar ut hogstmogen skog av gran, furu og lauvtre. Vedhogst derimot utgjer små inngrep.

Dagens flatehogstar fører til betydelege endringar i skogen som artsrik naturtype, der ofte tidlegare naturskog blir endra til artsfattige monokulturar når etter kvart ny skog veks til. Dette er ein sårbar skog i høve til sjukdom og ulike naturlege skader.

I motsetning til tidlegare utnytting, har inngrepa i dag som lovpålagt siktemål å få opp ny skog etter hogst. Dagens snauflatehogstar er betydelege inngrep og endringsfaktorar i opprinnelege naturtypar og økosystem, der dagens miljøtiltaksregime i liten grad kompenserar for dette hundre prosent.

I alle fall når regimet på vise punkt ikkje blir etterlevd i praksis utan at det fører med seg lovmessige konsekvensar. Da er dei store taparane naturen eller den som eig skogen, og etterkomarane til denne, og ofte også samfunnet, fordi skogens frilufts- og rekreasjonskvalitet blir forringa.

Det er bra at miljø- og friluftsorganisasjonane saman med samfunnet er saklege «vaktbikkjer» i høve til prosessar og driftsregime når det gjeld dagens høgmekaniserte skogsdrift, og at skogbruket er seg sitt miljøansvar bevisst i høve til lovpålagde og andre retningsliner.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hipp, hipp, hurra for god plantehelse