Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skjebnetime for norsk mjølkeproduksjon

På grunn av auka import av mjølkeprodukt og internasjonale handelsavtalar må norske bønder frå neste år ta ein kraftig reduksjon i mjølkeproduksjonen.

Reduksjon: Dei første 100.000 litera må skjermast for kutt. Foto: Mariann Tvete

Denne reduksjonen har kraft i seg til å pressa mange bønder ut av næringa og føra til ytterlegare sentralisering av produksjonen.

Uansett korleis ein organiserer denne produksjonsreduksjonen vert det svært vanskeleg for næringa. Men, for å skjerma distriktsjordbruket og dempa følgene finst det eitt: Miljø- og solidaritetsalternativ.

Dette er det alternativet som Rogaland Bonde og Småbrukarlag går inn for

• Vi vil skjerma dei første 100.000 liter for kutt i eigen kvote for alle.

Annonse

• Reduksjonen vert teken på den delen av kvoten som overstig 100.000 liter.

• Vi godtek ikkje utkjøpsordningar.

Gjennom dette forslaget tek me samfunnsoppdraget vårt på alvor og syter for at det også i framtida skal vera mogleg å produsera mjølk på små- og mellomstore bruk over heile landet. For miljø og naturomsyn er det avgjerande med husdyr.

Vi ønsker å bidra til eit meir miljøretta landbruk gjennom auka grovfôrdel på fôrsetelen for kyrne. Vårt forslag gjer dette mogleg ved å ta vare på ein bruksstruktur som vil gjera det mogleg å auka beitebruken.

Ingen mjølkebønder skal pressast ut av næringa!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Mange små revolusjoner