Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skiheltar og kvardagsheltar

Kvifor slår hjartet hardare og hardare for fotballtrenaren som vinn kampar og langrennsløparen som vinn skirenn, mens politikarforakta veks?

Kjetil Jansrud (t.v.) og Aksel Lund Svindal tar i mot hyllest etter å ha vunne hhv. sølv og gull i utfor under VM i alpint denne månaden. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Vi elskar folk som er sterke i kroppen, men vi misliker at folk brukar hovudet og ytrar seg offentleg. Å heidre dei som står opp og gjer ein innsats for andre enn seg sjølv, bør også gi premie, ikkje hets og hat.

Det er høgsesong for meisterskap i idrett, for å dele ut medaljar, for å fylle opp det nasjonale egoet og bere idrettsheltar på gullstol. Det er også høgsesong for årsmøte i lag og foreiningar, høgsesong for dei som har tatt på seg oppgåva med å sitje i valnemnd til å ringje rundt og prøve å få nokon til å seie, ja, eg kan ta ei tørn for idrettslaget, burettslaget, mållaget, bondelaget eller ein av dei mange andre frivillige laga og organisasjonane her i landet.

Nokon seier alltid ja. Nokon seier alltid nei. Mange kvir seg for å stikke seg fram for mykje. Du blir nemleg ikkje alltid bore på gullstol når du ytrar deg i offentlegheita om korleis du meiner vi kan endre samfunnet til det betre, for fleire enn deg sjølv.

Folkevalde politikarar er mest utsette for hat og hets, og særleg kvinner. No på etterjulsvinteren har det blitt arrangert ei rekke nominasjonsmøte rundt om i landet, for å vedta listene til årets kommune- og fylkesval. Og det er ikkje alltid like lett å få folk til å stille opp.

For mange, som Aina Stenersen frå Frp som er folkevald i Oslo, har det blitt ein vane å stå i stormen. I Nyheitsmorgon på NRK P2 sist veke fortalde ho korleis ho sjølv tar grep i sosiale media for å skjerme seg sjølv mot hets. I same program fortalde partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng, korleis partiet høgnar beredskapen for å skåne dei tillitsvalde som blir utsett for hets.

Vi snakkar om folk som har stilt tida si til disposisjon, og blitt valt, til å ta vanskelege avgjerder på vegner av oss alle, for lokalsamfunnet, kommunen, fylket, landet og verda. Folk som brukar av eiga tid og eige liv for fellesskapet. Vi har gitt dei makt, ein tillit dei fleste takkar for med hardt arbeid. Og dei som arbeider hardt for å få gjennomslag for saka si, på vegner av veljarane sine, kan vi både sjå og høyre ofte. For ofte, vil enkelte meine, og i mangel på motargument tyr dei til hets, hat og trugsmål. Politikarane er jo ikkje til å stole på, må vite.

Har vi rett og slett mista trua på at det går an å styre dette samfunnet i riktig retning, og i resignasjonen dedikert oss sjølve til å bli underhalde av folk som går fort på ski?

Annonse

Men ein skiløpar kan du alltid stole på. Iallfall så lenge han er i form og smørarane har gjort jobben. Så lenge han fokuserer på arbeidsoppgåvene og har nådd formtoppen. Om ikkje alt dette er på plass? Vi stolar på han uansett.

Jo då, det er imponerande med folk som har trena opp fysisk og mental styrke for å vinne konkurransar innanfor idrettsgreina dei er gode i, anten i individuelle idrettar eller som lag. Eg har opptil fleire gonger blitt rørt til tårar sjølv.

Vi blir glade og stolte, og dei blir forbilde som vi beundrar på grunn av sigrane deira, haldningane og kva dei seier i det offentlege rom. Utan at dei eigentleg seier noko som helst. Og utan at vi veit kva dei meiner om andre ting som er viktige for oss, sånn som bompengar, klima, innvandring, tredelt foreldrepermisjon og skatt. Likevel trykker vi ulltrøyene med namna deira på til brystet, som er heilt oppsvulma av nasjonal stoltheit.

Kvifor slår hjartet hardare og hardare for fotballtrenaren som vinn kampar og langrennsløparen som vinn skirenn, mens politikarforakta veks? Er det kulturen vår som gjer det? Ei slags vissheit om at vi ein gong var ein nasjon av menneske som bygde dette landet med rå muskelkraft og at vi derfor framleis premierer det høgast (sjølv om folk som Gerhardsen ikkje primært bygde landet med nevane)? Har vi rett og slett mista trua på at det går an å styre dette samfunnet i riktig retning, og i resignasjonen dedikert oss sjølve til å bli underhalde av folk som går fort på ski?

Vi må behandle dei som stiller som kandidatar i politikken med same respekt som dei som stiller til start i eit skirenn.

Eg veit ikkje. Men eg veit at meiningar provoserer meir enn følelsar, og at fornufta kan vere vanskeleg tilgjengeleg i slike situasjonar. At det er meir provoserande at nokon tar plass i offentlegheita fordi dei vil gjere endringar som påverkar kvardagen vår, enn at ein fyr vi ikkje kjenner hoppar langt på ski.

At det er lettare å hylle nokon som utfører prestasjonar vi aldri kunne vore i stand til sjølv, enn våre likemenn som plutseleg får ansvar for å bestemme på vegner av oss. Og at det derfor er lettare å sjå opp til ein person som vi stort sett kjenner gjennom medaljestatistikk og obligatoriske hva føler du nå-intervju, enn nokon som må gjere prioriteringar vi ikkje liker.

Det forsvarar likevel ikkje at vi blir hooligans i møte med synspunkta til folk som er usamde med oss, og mistar folkeskikken i møte med folkevalde. Snart skal vi ligge i ei nasjonal fosterstilling og gråte gledestårer over nye VM-medaljar. Til hausten er det politikarane våre som skal i aksjon under kommunevalet. Og vi må behandle dei som stiller som kandidatar i politikken med same respekt som dei som stiller til start i eit skirenn.

For dersom ingen stiller seg til disposisjon for politikken nasjonalt og lokalt for å ta avgjerder og gjere prioriteringar på vegner av oss alle, så stoppar det opp. Og dersom ingen tør å ytre seg offentleg mot dei som sit i maktposisjonar, har vi eit problem. Eit problem som er langt større enn is i rubben.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skulevalet på Lillestrøm