Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal politikarane bestemma kosthaldet?

Etter ein fredfylt periode på kosthaldsfronten er det på´an igjen.

Velstandsfenomen: Nei, vi var slett ikkje veggisar på 1980-talet! Dette er eit nymotens velstandsfenomen, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Velstandsfenomen: Nei, vi var slett ikkje veggisar på 1980-talet! Dette er eit nymotens velstandsfenomen, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Hanne-Lene Dahlgren gjentek påstandane om kor ille kjøt er for klima og helse, og etterlyste temaet i valkampen. Staten må inn og styra kosthaldet! Eg er svært glad for at politikarane stort sett held fingrane frå fatet, når ein ser resultata av tidlegare initiativ.

I 1984 vedtok Stortinget at produksjonen av lettmjølk med 1,5 prosent feitt skulle gjenopptakast, etter eit mislukka framstøyt nokre år før. Dette vart ein suksess. I dag er det berre 1 prosent feitt i lettmjølka, og skuleborna har ikkje tilbod om heilmjølk. Men barna har lagt solid på seg.

Før valet i 2005 vart det frå raudgrøn side lova gratis skulemåltid. Men det enda med gratis skulefrukt, det vil seie gratis sukker. No er det igjen snakk om skulemåltid. Men då må elevane få mat dei et for lite av: fisk, grønsaker og feite meieriprodukt. Det ender nok med brød eller havregraut kokt på vatn.

Dahlgren kjem med ei rekke merkelege påstandar. Ho forklarar låg prosent av klimautslepp frå landbruket med at Noreg har så høge totale utslepp grunna oljesektoren. Men andre land slepp ut mykje klimagassar i kraftsektoren, noko vi ikkje gjer. På individnivå er det uinteressant kva sektor ein reduserer klimaavtrykket i. 1 kilo klimagass mindre har same effekt om det er fordi du spaserte til butikken, eller tok ein helikoptertur mindre til hytta. Ho unngår å nemna at i Noreg utgjorde utslepp frå flytrafikk i 2019 17 prosent av dei nasjonale utsleppa.

Annonse

Ho hevdar at 99 prosent av alt dyrehold er «utelukkende innendørs uten beitemuligheter». Ho må nok 10-20-dobla prosenten beitedyr, men det viktigaste er vel om dyra et gras eller ikkje? Kvifor misbruke tal på denne måten?

Nei, vi var slett ikkje veggisar på 1980-talet! Dette er eit nymotens velstandsfenomen. I min ungdom åt alle middag med animalsk hovudingrediens. Ofte kjøt eller kjøtprodukt, men gjerne like ofte fisk.

Ikkje allverdens grønsaker, og kun frukt i sesongen. Heilmjølk. Overvekt var svært uvanleg. Auken i kjøtforbruk går parallellt med nedgang i fiskeforbruket, og ser ut til å ha stabilisert seg rundt 60 kilo per person i året, som er lågt i europeisk samanheng. Ho burde heller vera uroa over Kina, som i dag konsumerer cirka halvparten av svinekjøtet i verda.

Dahlgren tek til orde for å auka kjøtprisen. Eit særs usosialt framlegg. Og ein katastrofe for distriktslandbruket. Eksotisk plantekost kan ikkje kompensera for bortfall av kjøt. Soya er fullt av antinæringsstoff, og ueigna som menneskeføde utan omfattande industriell prosessering.

Vi har prøvd matmerking. Nykkelholet skulle indikera «sunne» produkt. Men her var det fråvær av feitt som galdt, og makrell i tomat fall utanfor. Eg stolar ikkje eit sekund på at klimamerking av mat vert korrekt. Det vil vera skilnad på potet frå Toten og potet frå Israel. Å merka kjøt ut frå dyrevelferd vert heilt umogeleg. Men folk let seg gjerne bedra. Alle vil ha egg frå «frittgåande» høner, utan at hønene får det betre enn før.

Til slutt ei interessant sak: India er i dag heilt i verdstoppen når det gjeld eksport av storfekjøt. Det er rett nok ikkje vanleg storfe, men vannbøffel. Kyr er heilage i hinduismen, og kan mjølkast, ikkje slaktast. Ein aukande populasjon på over 300 millionar store drøvtyggarar gjev solide klimautslepp. Men det skjer utvikling. Velstanden aukar i landet. På ti år er kjøtforbruket dobla, og er venta å stiga vidare.

I alle nye, veksande økonomiar aukar konsumet av kjøt, egg, meieri. Folk får råd til betre mat. Så får heller vi redusera?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvem skal fortelle hva som skjer i nord?