Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal ein sitja heime på valdagen?

Altfor mange sit heime, altfor mange stiftar sitt eige parti. Ingen er samd med eit parti i eitt og alt.

Svakheit og styrke: I realiteten er det nesten ingen som er einig med det partiet ein røystar på i eitt og alt. Det er svakheita ved det representative demokratiet, men kanskje også styrken ved det, skriv innsendaren. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Svakheit og styrke: I realiteten er det nesten ingen som er einig med det partiet ein røystar på i eitt og alt. Det er svakheita ved det representative demokratiet, men kanskje også styrken ved det, skriv innsendaren. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

I val etter val no, har Sofapartiet kome ut som største parti, med ca. 35-40 prosent oppslutnad. Eg har faktisk spøka om at eg kunne stilla eiga liste for Sofapartiet, så var eg automatisk sikra kjempeoppslutnad!

Men det nyttar nok ikkje å laga noko politisk program med sofaverdiane i sentrum. Var det så enkelt, hadde nokon gjort det for lengst. For sofaveljarane er like varierte som dei er mange.

Det gjev Marianne Dolpen eit godt døme på i Motkultur-spalta 22. februar. Ho lurer på å sitja heime, fordi ho står i ein politisk spagat mellom Sp og MDG. Men ho kunne jo også ha tenkt at røystar ho på eitt av dei, så er ho i alle fall delvis einig med det partiet ho røystar på.

Annonse

I realiteten er det nesten ingen som er einig med det partiet ein røystar på i eitt og alt. Det er svakheita ved det representative demokratiet, men kanskje også styrken ved det.

Heldigvis går det an for veljarane å melda seg inn i eit parti og på den måten ikkje berre røysta, men også vera med å utforma retninga det partiet ein røystar på skal ta.

Så går det sjølvsagt også an å stifta sitt eige parti. Altfor mange har gjort det, i grunnen. 10-20 ulike mikro- og miniparti ligg og kivar med kvarandre om 2 prosent av røystene ved vala. Alle med den store trua på at akkurat dei skal slå gjennom og utfordra dei etablerte partia. Dermed vert dei sjeldan den fornyande og forfriskande krafta i norsk politikk som dei burde ha vore.

Men like fullt, det står Marianne Dolpen fritt å stifta sitt eige parti i kryssingspunktet mellom Sp og MDG. Får tiltaket 500 underskrifter kan ho stilla til val i Sør-Trøndelag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ærlighet varer lengst, Pollestad