Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sivilombodet sin innsynsrett må stå fast

Demokratiet vårt kviler på ei fordeling av makta mellom Storting og regjering.

Hindre urett: Sivilombodet er Stortinget sitt ombod for kontroll med forvaltninga og skal syta for å hindra urett mot den einskilde. Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Hindre urett: Sivilombodet er Stortinget sitt ombod for kontroll med forvaltninga og skal syta for å hindra urett mot den einskilde. Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Den 18. mai i fjor vedtok fleirtalet i Stortinget ei innskrenking av innsynsretten til sivilombodet. Ombodet fekk ikkje sjå regjeringsdokument og dokument direkte knytt til desse. Eit nytt stortingsfleirtal sikrar no at denne innskrenkinga opphevast. Det er viktig for å oppretthalda maktfordelinga mellom Storting og regjering.

Sivilombodet er Stortinget sitt ombod for kontroll med forvaltninga og skal syta for å hindra urett mot den einskilde. I fjor slo eit tverrpolitisk Harberg-utval fast at stortingsorgana som driv kontroll sjølve skal definera kva for informasjon dei treng for å gjera oppdraget sitt. Så vart sivilombodslova vedteke med ei innskrenking i strid med dette.

Høgre, Frp og Venstre har meint at omsynet til å verna om regjeringa sine dokument går framfor omsynet til å hindra urett mot den einskilde. Sivilombodet har sjølv sagt i frå at innskrenkinga i lova gjev dei mindre informasjon.

Demokratiet vårt kviler på ei fordeling av makta mellom Storting og regjering. Sivilombodet har ei sjølvstendig rolle som stortingsorgan. Ein uavgrensa innsynsrett ligg i botn av sjølvstendet.

Dette er eit grunnprinsipp i demokratiet vårt vi skal verna om i ei tid då demokratiet er truga i mange delar av verda. Difor må innsynsretten til sivilombodet stå seg over tid. Eg vonar eit tverrpolitisk miljø vil forsvara desse prinsippa framover, slik at sivilombodet sin innsynsrett ligg fast.

Neste artikkel

Friskoler er et supplement, ikke en konkurrent