Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Senterpartiets klimapolitikk

Timotei, tømmer, torsk og tog gjer godt både for klimaet og økonomien.

Omstilling: Togtransporten har store fordelar. Her trengs også ei storsatsing, skriv innsendarane. Foto: Mostphotos
Omstilling: Togtransporten har store fordelar. Her trengs også ei storsatsing, skriv innsendarane. Foto: Mostphotos

Senterpartiet vil innfri krava i Parisavtala om å redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030. Regjeringa har sett 55 prosent som mål, men ettersom det ikkje er nokon utgreiing av dette målet, vil ikkje Sp binde seg til det.

Alle land har forplikta seg til å redusere utsleppa. Korleis dette skal gjerast er det sjølvsagt mange meiningar om, også her til lands og innanfor kvart enkelt politiske parti. Landsmøte i Senterpartiet er fastsett til 2. - 4. juni, der skal partiet vedta sitt partiprogram. Innan den tid er det fritt fram for å peike på utfordringar og koma med idear til gode løysingar.

Somme hevdar at kløveren ikkje lenger har den grønne, friske farga. Det er på ingen måte korrekt. Senterpartiet har vore og er eit parti som tek klima og miljø på høgste alvor. Grunnen til at Sp blir oppfatta til å ville trenere klimatiltak, er mellom anna usemja om CO2-avgifta.

Forslagt frå regjeringa om å tredoble denne avgifta er det mange i Senterpartiet som ikkje vil vera med på. Difor blir det debatt, og dette har media fanga opp og bra er det, slik at ein får ei brei ordveksling og eit stort engasjement om temaet.

Ved å auke C02-avgifta til det tredobelte, vil det få store konsekvensar mellom anna for fiskerinæringa. Årlege utgifter for eit havfiskefartøy vil auke kraftig og kan i verste fall utkonkurrere norske fiskebruk. Avgifta vil også virke uheldig for landbruket og for folk i grisgrendte strøk.

Senterpartileiarane i Hallingdal meiner det må finnast andre måtar å oppnå gode resultat på, som er meir riktige og meir rettferdige og som bidreg sterkare til å nøytralisere utsleppa. Her vil me nemne fleire, men fyrst påpeike at me trur ikkje at ein når klimamålet i 2030 utan å redusere olje- og gassprodusjonen.

Annonse

Det blir hevda at norsk petroleumsindustri er den reinaste i verda, så den må berre halde fram. Ja, det er viktig å ta globale omsyn og difor trur me ikkje det er rett å tidfeste ein sluttdato for denne verksemda, men trappe noko ned.

Så til våre forslag om ei kraftig omstilling:

1. Skal Norge bli klimanøytralt, det vil si at me fangar opp like mykje C02 som me slepper ut, må landet satse sterkt på grønne næringar. Me tenkjer på skogbruk, skogplanting, ungskogpleie, trevirke til nye industriprodukt, m.m. Skogen i landet vårt er med på å nøytralisere om lag halvparten av utsleppa – dette kan aukast!

2. Matproduksjonen må også aukast og importen av mat må reduserast tilsvarande. Unødig og lang transport er uheldig for klimaet. Det må løne seg å produsere mat i Norge og sjølvforsyningsgraden må opp. Dessutan er beitebruk ein god måte å binde C02 i jorda på, så det som trengs av kjøt er gunstig å produsere her i landet, me som har så store areal som egnar seg for beiting og veit at det grønne graset er godt dyrefôr.

3. Fiskerinæringa vil me ta vare på, knapt nokon næring gir større eksport, men det må bli lønsamt å foredle meir av fisken her til lands.

4. Transporten treng ei omstilling og der er me godt i gang med elektrifisering, noko som har sine ulemper, men som me ikkje nemner her. Derimot vil me peike på togtransporten som har store fordelar. Her trengs også ei storsatsing.

For å summere opp desse tiltaka som me meiner er riktige for å nå klimamålet, vil me at det skal satsast på Timotei, Torsk, Tømmer og Tog.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Raymond har rett